Lussekatter i en kurv på et bord.
En svart katt ligger på en grå sofaen og ser inn i kamera.
Ingrediensar:
• 200 g smør
• 5 dl mjølk
• 50 g gjær
• 1⁄4 g safran
• ca. 1 ts salt
• 2 dl sukker
• 2 egg
• 18–20 dl kveitemjøl
• 1 egg til pensling
• 2 ss rosiner til pynt
Mel på en mørk benkeplate.
Slik gjer du:
-
- Smelt smør og tilset mjølk. Varm mjølkeblandinga til ho er cirka 37 °C. Rør ut gjær i den lunkne blandinga.
- Ha i safran og rør godt.
- Tilset salt, sukker og egg.
- Ha i litt og litt mjøl om gongen, bland til ein smidig deig.
- Dekk bakebollen med plast, og la deigen heve til dobbel storleik (cirka 1 time) på ein lun stad. Forvarm steikeomnen til 225 °C.
- Strø mjøl på bakebordet og legg deigen oppå. Trill 16 tynne pølser og form dei til lussekattar.
- Pynt med rosiner.
- Legg baksten på eit bakepapirkledd steikebrett. Etterhev under eit klede i 15–20 minutt.
- Pensle med egg.
- Steik lussekattar midt i omnen i 8–10 minutt, til dei er lyst gylne. Avkjøl på rist.
Pensle lussekatter med egg
Kjelder:
- Magisk jul – Tradisjon og overtro (2018)
Orage Forlag AS
- Luciadagen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. november 2021 frå https://snl.no/luciadagen
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-