Jorda kretsar rundt sola i eit flatt plan, som blir kalla ekliptikken. Samtidig roterer ho rundt sin eigen akse, som står skrått på dette planet.
Illustrasjon av jordkloden.
Tregleikslova seier at ein ting i rørsle vil halde fram i den same rørsla dersom han ikkje blir påverka av ei ytre kraft. Derfor har ikkje jorda slutta å snurre rundt. Sidan jorda roterer i det «tomme» verdsrommet, er det inga ytre kraft som endrar rørsla. Slik held ho fram med å snurre rundt. Men då jorda var ny, roterte ho opptil fem gongar fortare enn no, så ho har bremsa litt opp. Kva er det så som har påverka jorda?
Månen og tidevatn
Då månen i si tid kom inn i bane rundt jorda, snurra han rundt sin eigen akse. Men dei to klodane påverka kvarandre med tyngdekreftene. På jorda viser tidevatnet korleis månen si tyngdekraft dreg havvatnet mot månen.
Tidevatnet breier seg som ei bølgje på den sida av jorda som vender mot månen. På månen skjer det same med steinmassane, og dette har fått månen til å bule litt ut mot jorda.
Årstider
Korleis jordaksen hallar i forhold til sola avgjer kva for ei årstid kvar halvkule har. Halvkula som hallar mot sola, har sommar, mens den som hallar vekk frå sola, har vinter.
Jordas gang rundt Sola og hvordan det utgjør årstidene
Polområda
Når jorda roterer, ligg polområda nesten stille. Om vinteren er det natt døgnet rundt, og om sommaren er det alltid dag.
Kjelder :
- Universet junior (2019)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
NASA
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-