Kvifor streikar vi?

Våren 2021 streika mange tusen menneske i Noreg. Det var lærarar, helsearbeidarar og andre tilsette i kommunane. Kvifor streika dei eigentleg? Kva for ein rett har nokre til å stanse jobben sin for å streike? Går ikkje dette ut over nokon andre?

Accessibility icon Kvifor streikar vi?

Kva er streik? 

Ordet «streik» kjem frå det engelske ordet «strike» som betyr ‘slå’ eller ‘slå til’.

Viss det blir usemje – ein såkalla tvist – mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, kan det bli streik. Då stansar dei tilsette arbeidet sitt.

Éin arbeidstakar kan ikkje streike når han eller ho vil. Ein må vere medlem i det vi kallar ei fagforeining. Då er det mange med same yrke som streikar.

Ein streik kan gå ut over andre som ikkje er i streik. Matbutikkar kan stengje, og sjukepleiarar kan stanse arbeidet. Det er meir kritisk enn å stengje ein svømmehall.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Storstreik i Oslo 28. januar 2015

Når fekk vi streikerett?  

Gjennom alle tider har det vore  usemje på arbeidsplassar. Arbeidarar har kravd rettferdig løn og eit trygt arbeidsmiljø.

På 1800-talet fekk mange jobb på fabrikkar eller i gruver. I gruvene fann dei sølv og jern. Arbeidet kunne vere livsfarleg.

Arbeidarane tente lite pengar, mens eigarane ofte vart rike. Derfor kunne forholdet mellom desse bli vanskeleg.

Streik var forbode fram til slutten av 1800-talet. Den første lovlege streiken i Noreg kom i 1889. Då streika jentene på ein fyrstikkfabrikk i Kristiania. Byen heiter Oslo i dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.

Kvifor streikar vi? 

En streik kan ha fleire årsaker. Det kan handle om ferie, overtid og trygt arbeidsmiljø.

 

En dame som åpner en tom lommebok og titter ned i den
En dame som åpner en tom lommebok og titter ned i den

Forhandlingar før streik 

Før det blir streik, må arbeidsgivar og arbeidstakar prøve å bli einige. Dei må forhandle for å finne den beste løysinga for begge partar.

Alle arbeidsplassar skal ha noko som heiter tariffavtale. Det er ein skriftleg avtale mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Det er denne avtalen dei må forhandle om.

Fagforeiningane ønskjer det beste for medlemmane sine, altså arbeidarane.

Arbeidsgivarane ønskjer det beste for bedrifta si, og dei vil tape mykje pengar viss det blir streik.

Viss forhandlingane går i orden, blir det ikkje streik. Viss partane er ueinige, kan det bli streik.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bestemt mann som legger frem sine meninger ved forhandlingsbordet
Bestemt mann som legger frem sine meninger ved forhandlingsbordet

Korleis går ein streik føre seg? 

Når det blir streik, er det medlemmar av ei fagforeining som stansar arbeidet. Ikkje alle på ein gong, men ofte fleire og fleire. Streiken varer heilt til partane blir einige. Regjeringa kan stanse streiken viss det går ut over liv og helse.

Streikevakter passar på at ingen arbeider så lenge streiken pågår.

For å få fram krava sine til arbeidsgivar, kan dei streikande gå i tog med plakatar og slagord. Då viser dei samfunnet kvifor dei streikar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.

Streikebryteri 

Streikebryteri er når nokon arbeider sjølv om det er streik på arbeidsplassen. Dette er dårleg gjort mot dei andre som streikar, og det bør ikke skje.

To streikevakter med gule vester.
To streikevakter med gule vester.

Får ein løn? 

Dei som streikar, får ikkje løn frå arbeidsgivar, men frå Fagforbundet. Sjølv om ein er i streik, treng ein pengar til mat og rekningar.

Norske sedler i ulike valører
Norske sedler i ulike valører

Er streik viktig? 

Alle har rett til å bli høyrde viss dei blir urettferdig eller dårleg behandla på jobben. Ein og ein står vi ganske svakt, men saman i ei fagforeining står vi sterkare.

Streik kan vere eit godt verkemiddel.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjef som kjefter
Sjef som kjefter

Har alle streikerett? 

Nokre tilsette i staten har ikkje streikerett. Det kan vere høgsterettsdommarar og statsrådar. Det same gjeld for offiserar i militæret.

En dommer som holder en klubbe i en rettsal
En dommer som holder en klubbe i en rettsal

Korleis kan ein streik avsluttast? 

En streik kan avsluttast på ulike måtar: 

  • Arbeidsgivar følgjer krava til dei som streikar. Dei blir einige om ein tariffavtale.
  • Dei tilsette gir opp og går tilbake på jobb. 
  • Frivillig lønsnemnd: Partane treng hjelp frå nokon andre til å løyse problemet.
  • Tvungen lønsnemnd: Regjeringa kan stanse ein streik viss det er «fare for liv og helse». 
Flere mennesker rundt et bord på et møterom.
Flere mennesker rundt et bord på et møterom.

Kjelder:

  • Jakhelln, Henning; Gisle, Jon: streik i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. juni 2021 frå https://snl.no/streik
  • Gisle, Jon; Stokke, Torgeir Aarvaag; Thingaker, Bjørn: fagforening i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. juni 2021 frå https://snl.no/fagforening

Bilet- og videorettar:

    1. GGAADD (CC BY-SA 2.0)
    2. Ukjent / Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (CC BY-NC-ND 4.0)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Nrk (CC BY-SA 2.0)
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images