Lucy – bestemora til menneskeslekta 

Møt Lucy, den tre millionar år gamle apen som gjekk på to bein. Då forskarar fann Lucy på 1970-talet, forandra ho heile oppfatninga vår av utviklinga til mennesket. På den tida var ho det eldste og best bevarte eksemplaret av ein menneskeliknande art som nokon gong var funne. Utrulege 40 prosent av skjelettet hennar hadde vorte bevart, og det kunne fortelje ei forbløffande historie.

Lucy er ein art som har fått namnet Australopithecus afarensis. Ho levde for meir enn tre millionar år sidan. Slitemerke på visdomstennene hennar viser at ho var fullt utvaksen då ho døydde, men ho må ha vakse opp raskt. Ho var sannsynlegvis berre rundt 12 år gammal og vog ikkje meir enn 29 kilo. Det er omtrent halvparten så mykje som ei moderne menneskekvinne.

Hjernen hennar var berre rundt ein tredel så stor som vår. Ansiktet hennar var apeliknande, med ein kraftig kjeve. Ho hadde krumma fingrar, og merke på overarmsbeinet viser at ho hadde sterke musklar. Begge delar tyder på at ho var flink til å klatre.

Men til forskjell frå dei apane som lever i dag, gjekk Lucy på to bein. Ryggvirvlane nedst i korsryggen var krumma innover slik som våre, og bekkenet hennar var breitt. Ho hadde òg kne som var bøygde litt innover, og det gjorde det enklare for henne å balansere fordi føtene var plasserte under kroppen.

Skjelettet til Lucy  har endra oppfatninga vår av utviklinga til mennesket. Det er spesielt to ting som skil det moderne mennesket frå andre apar: Den store hjernen vår, og evna til å gå på to bein. Kva for ein av desse to eigenskapane som vart utvikla først, hadde ein lenge vore usikre på, men Lucy gav oss svaret.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ape, Lucy

Slik fann vi Lucy

I Hadar i Etiopia levde det menneske i oldtida. Den 2. november 1974 var paleoantropologen dr. Donald Johanson der saman med studenten sin, Tom Gray. Dei to hadde vore ute på ein tur i området, og bestemte seg for å gå tilbake til bilen sin. Medan dei gjekk, oppdaga dei eit olbogebein som stakk opp av jorda. I nærleiken fann dei delar av ribbein, ein hovudskalle, eit lårbein, eit bekken og ein kjeve. Det tok fleire vekers omhyggjeleg arbeid å finne alle knoklane, men til slutt hadde dei funne nesten eit halvt skjelett.

Den kvelden dei gjorde dette utrulege funnet, høyrde Johanson og teamet hans på Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds» på kassettspelaren sin. Songen gav dei inspirasjon til å gi det berømte fossilet namnet Lucy.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!