Lucy – bestemora til menneskeslekta 

Møt Lucy, den tre millionar år gamle apen som gjekk på to bein. Då forskarar fann Lucy på 1970-talet, revolusjonerte ho oppfatninga vår av evolusjonen til mennesket. På den tida var ho det eldste og best bevarte eksemplaret av ein menneskeliknande art som nokon gong var funne. Utrulege 40 prosent av skjelettet hennar hadde vorte bevart i Afarsenkinga i Etiopia, og det kunne fortelje ei forbløffande historie.

Lucy var eit eksemplar av arten Australopithecus afarensis, og ho levde for meir enn tre millionar år sidan. Slitemerke på visdomstennene hennar viser at ho var fullvaksen då ho døydde, men ho må ha vakse opp raskt. Ho var truleg berre rundt 12 år gammal og vog ikkje meir enn 29 kilo, omtrent halvparten så mykje som ei moderne menneskekvinne.

Hjernen hennar var berre rundt ein tredel så stor som vår, og ansiktet hennar var apeliknande, med ein kraftig kjeve. Ho hadde krumma fingrar, og merke på overarmsknokkelen viser at ho hadde sterke musklar. Begge delar tyder på at ho var flink til å klatre.

Men til forskjell frå dei apane som lever i dag, gjekk Lucy på to bein. Lumbalvirvlane hennar, altså dei ryggvirvlane som sit ved korsryggen, var krumma innover, slik som våre. Bekkenet hennar var breitt, og ho hadde valgus-kne. Det betyr at knea hennar var bøygde ei aning innover, noko som gjorde det enklare for henne å balansere fordi føtene i større grad var plasserte under kroppen.

Det at vi fann skjelettet til Lucy, har endra oppfatninga vår av evolusjonen til mennesket. Det er spesielt to eigenskapar som skil det moderne mennesket frå andre apar: Den store hjernen vår og evna til å gå på to bein. Kva for ein av desse to eigenskapane som vart utvikla først, hadde lenge vore eit mysterium, men Lucy gav oss svaret.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ape, Lucy

Slik fann vi Lucy

I Hadar i Etiopia levde det menneske i oldtida, og på grunn av erosjon kom leivningane deira fram. Den 2. november 1974 var paleoantropolog dr. Donald Johanson der saman med studenten sin, Tom Gray. Dei to hadde vore ute på ein ekskursjon i området og bestemte seg for å gå tilbake til bilen sin. Medan dei gjekk, oppdaga dei eit olbogebein som stakk opp av jorda. I nærleiken fann dei delar av ribbein, ein hovudskalle, eit lårbein, eit bekken og ein kjeve. Det tok fleire vekers omhyggeleg arbeid å finne alle knoklane, men til slutt hadde dei funne nesten eit halvt skjelett.

Den kvelden dei gjorde dette utrulege funnet, høyrde Johanson og teamet hans på Beatles’ song «Lucy in the Sky with Diamonds» på kassettspelaren sin. Songen gav dei inspirasjon til å kalle det berømte fossilet for Lucy.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!