Magna Carta  –  den store avtalen  

Magna Carta betyr eigentleg «den store avtalen». Det er ein avtale som vart signert 15. juni i 1215, av John av England. Denne avtalen inneheldt store endringar for korleis landet skulle styrast. Det var òg første gongen makta til kongen vart avgrensa. På denne måten vart Magna Carta ein viktig del av starten på demokratiet i den engelskspråklege verda.

Kong John signerer Magna Carta

Magna Carta tok frå kongen noko av makta hans. Dei rikaste i landet var lei av å måtte gi frå seg pengane sine for at dei skulle brukast til dyre krigar mot Frankrike.

Men den 3600 ord lange kontrakten inneheldt tre viktige punkt som endra det engelske samfunnet.  

 1.Han garanterer ei rettferdig rettssak for alle.

2. Han fjerna retten kongen hadde til å krevje dei skattane han ville.

3.Det vart òg gjort klart at om kongen ikkje følgde reglane i Magna Carta, kunne han bli avsett som konge.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Magna Carta presentert til kong John av England
Magna Carta presentert til kong John av England

Forhold i Noreg 

Av dei 63 punkta er tre av dei framleis ein del av norsk lov. Dei tre er: forsvar av rettane til kyrkja, forsvar av rettane til alle byar og retten til ein rettferdig rettargang.

Forhold til Amerika

Rettane til den frie mannen mot tyranniet til kongane stod skrive i Magna Carta. Det gav ikkje berre dei amerikanske nybyggjarane god grunn til å gjere opprør, det inspirerte dei òg til å skrive sine eigne dokument. Både sjølvstendeerklæringa frå 1776 og Bill of Rights i 1789 er påverka av Magna Carta.

FN

Prinsipp frå Magna Carta er òg brukte i Menneskerettserklæringa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stortinget, Oslo, Norge
Stortinget, Oslo, Norge

Visste du at …

Latinsk litteratur  

Heile dokumentet vart skrive samanhengande på mellomaldersk latin, men seinare utgåver har delt punkta opp i 63 føresegner.

Berre éin forfattar 

Heile dokumentet vart skrive av berre éin skriftlærd som forkorta nokre ord for å spare plass på sida.

Naturleg blekk  

Magna Carta er skriven med jerngallusblekk, laga av galle frå tre (vekst som kjem av av sopp eller bakteriar), jernsulfat og vatn.

Ekte pergament 

Magna Carta vart skriven på pergament som var laga av reinsa og tørka saueskinn.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Kong John signerer Magna Carta
Kong John signerer Magna Carta

Kjelder:

  • Ny vitenskap (2016)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images