Mars

Mars er den planeten me veit mest om, bortsett frå jorda. Den er den fjerde planeten frå sola. På overflata ser det ut som om det har vore masse jordskjelv og vulkanutbrot. Enorme krater vitnar om kraftige meteorittnedslag.

På tokt til Mars

Til no har det vore 48 tokt til Mars, men 22 av dei har vore totalfiaskoar. På overflata er det store nedslagskrater, ravinar og inaktive vulkanar. Dette fortel oss at planeten var geologisk aktiv for lenge sidan. Forskarane lurar på om det har vore vatn og liv på Mars, eller om det kanskje er det framleis.

Mars brukar 687 jorddøgn på å gå rundt sola, så her er åra lange. Det går 26 månadar mellom kvar gong me passerer Mars.

Me seier ofte at Mars er ein død planet, fordi skorpa til planeten har slutta å røra seg. Det er ingen aktive vulkanar som kan spy gassar ut i atmosfæren, så atmosfæren har blitt tynn og held ikkje særleg godt på varmen. Temperaturen svingar veldig mykje, frå -133˚C ved polane om vinteren til +27˚C på sommaren.

Mars er omtrent halvparten så stor som jorda. Klodane har omtrent like mykje tørt land, sidan Mars ikkje har hav.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!