Mars

Mars er den planeten me veit mest om, bortsett frå jorda. Den er den fjerde planeten frå sola. På overflata ser det ut som om det har vore masse jordskjelv og vulkanutbrot. Enorme krater er spor etter kraftige meteorittnedslag.

På tokt til Mars

Til no har det vore 48 tokt til Mars, men 22 av dei har gått gale. På overflata er det store nedslagskrater, ravinar og inaktive vulkanar. Dette fortel oss at planeten var veldig aktiv for lenge sidan. Forskarane lurar på om det har vore vatn og liv på Mars, eller om det kanskje er det framleis.

Mars brukar 687 jorddøgn på å gå rundt sola, så her er åra lange. Det går 26 månadar mellom kvar gong me passerer Mars.

Me seier ofte at Mars er ein død planet, fordi skorpa til planeten har slutta å røra seg. Det er ingen aktive vulkanar som kan spy gassar ut i atmosfæren, så lufta har blitt tynn og held ikkje særleg godt på varmen. Temperaturen svingar veldig mykje, frå -133˚C ved polane om vinteren til +27˚C på sommaren.

Mars er omtrent halvparten så stor som jorda. Klodane har omtrent like mykje tørt land, sidan Mars ikkje har hav.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Atmosfæren

Mars er liten og har så svak tyngdekraft at han berre klarar å halda på ein tynn atmosfære. I den tynne atmosfæren blir det veldig kaldt om natta og veldig varmt om dagen. Forskarane drøymer om å byggja opp ein kunstig atmosfære der, omtrent som eit enormt drivhus. Då kan det henda at me kan leva og bu på Mars ein gong i framtida.

Illustrasjon av Mars

Skorpe

Skorpa på Mars er 50 kilometer tjukk. Overflata er full av arr etter meteorittnedslag, vulkanar, erosjon over lang tid og bevegelsar i mantelen.

 

Mantel

Mantelen består av steinmasse som er mindre tett enn kjernen. No ligg mantelen i ro, men før var han aktiv på same måte som mantelen til jorda.

Mista magnetfeltet

Det er geologiske bevegelsar som skapar magnetfelta til planetane. Sidan Mars ikkje er aktiv lenger, har planeten mista magnetfeltet sitt.

Kjerne

I midten av Mars er det ein kjerne av jern og litt svovel.

Polene

I polområda på Mars er det mykje is, i tillegg til det ein kallar tørris, altså frose karbondioksid.

Kjempekrater

Den nordlege halvkula er over tre kilometer lågare enn den sørlege. Mange ekspertar trur at Mars ein gong har krasja med noko som var like stort som Pluto.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan Mars er oppbygget

Den raude planeten

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. NRK