Med ei klype salt

Salt er livsviktig for oss, men vi skal ikkje ha for mykje av det. Salt er eit kjemisk samband mellom natrium og klor, og det finst mange stader på jorda. Kan du tenke deg å ete hardkokt egg utan salt, eller droppe salt på popcornet?

Accessibility icon Med ei klype salt

Med ei klype salt

Hva betyr eigentleg uttrykket «å ta noko med ei klype salt»?

Språkrådet forklarer det slik: «Å ta noko med ei klype salt betyr å ikkje ta det heilt bokstaveleg, eller å godta noko sjølv om ein skjønner at det er overdrive.»

Når vi lagar mat hender det òg at vi tilset ei lita klype salt – men kor mykje salt er det eigentleg?

Dame som drysser salt i en bolle med mel
Dame som drysser salt i en bolle med mel

Ikkje standardiserte måleininger

Det er ikkje godt å seie nøyaktig kor mykje ei klype salt er, men det er ikkje veldig mykje.

Ei klype salt er ikkje ei standardisert måleining. Vi kan diskutere kor mykje dette er – er det 1 gram, 2 gram eller 5 gram?

I mange gamle oppskrifter var ein ikkje alltid så nøyaktig med mengda av ingrediensane. Eit anna døme på dette er måleininga «kopp». Nokre gongar står det at ein skal ha 3 koppar mjøl i ei kakeoppskrift. Kor mykje det blir, avheng jo heilt av kva slags kopp ein brukar.

Det gjer det mykje enklare med standardiserte måleiningar som gram, kilo, desiliter og liter. Då veit alle nøyaktig kor mykje som skal til av ingrediensane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente som veier opp mel til baking
Jente som veier opp mel til baking

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!