Med ei klype salt

Salt er livsviktig for oss, men vi skal ikkje ha for mykje av det. Salt er eit kjemisk samband mellom natrium og klor, og det finst mange stader på jorda. Kan du tenkje deg å ete hardkokt egg utan salt, eller droppe salt på popcornet?

Accessibility icon Med ei klype salt

Med ei klype salt

Kanskje du har høyrt uttrykket om å ta noko med ei klype salt? Kva betyr det eigentleg?

Språkrådet forklarer det slik: «Å ta noko med ei klype salt betyr å ikkje ta det heilt bokstaveleg, eller å godta noko sjølv om ein skjønner at det er overdrive.»

Men i matlaging hender det også at nokon tilset ei lita klype salt – men kor mykje er eigentleg ei klype salt?

Dame som drysser salt i en bolle med mel
Dame som drysser salt i en bolle med mel

Ikkje standardiserte måleiningar

Det er ikkje godt å seie nøyaktig kor mykje ei klype salt er, men det vi kan vere samde om er at det ikkje er veldig mykje.

Ei klype kan derfor seiast å vere ei ikkje-standardisert måleining. Vi kan diskutere kor mykje dette er – er det 1 gram, 2 gram eller 5 gram?

I mange gamle oppskrifter var ein ikkje alltid så nøyaktig med mengda av ingrediensane. Eit anna døme på dette er måleininga «kopp» – som at ein skal ha 3 koppar mjøl i ei kakeoppskrift. Kor mykje det blir, avheng jo heilt av kva slags kopp ein har.

Det gjer det mykje enklare med standardiserte måleiningar, som gram, kilo, desiliter og liter. Då veit alle nøyaktig kor mykje som skal til av ingrediensane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente som veier opp mel til baking
Jente som veier opp mel til baking

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!