Algoritmar: Med trusa utanpå buksa

Kva meiner vi eigentleg med algoritmar og algoritmisk tankegang?

Accessibility icon Algoritmar: Med trusa utanpå buksa

Kva er ein algoritme?

For å forstå kva algoritmisk tankegang betyr, må ein først forstå omgrepet algoritme. Det kan bli forklart med at det er ei liste med instruksjonar som skal bli utførte i ei bestemt rekkefølgje.

Som eit døme kan du tenkje på når ein Formel 1-bil skal inn til pitstop for å skifte hjul. Dette skal skje raskast mogleg, og då må alt bli gjort i rett rekkefølgje.

Formel 1 pitstop
Formel 1 pitstop

Med trusa utanpå buksa

Tenk deg at du skal kle på deg. Du skal ha på deg sokkar, bukse, sko, truse, genser og jakke. Vanlegvis vil du ta på deg kleda i ei bestemt rekkjefølgje. Men tenk om du måtte kle på deg i nøyaktig denne rekkjefølgja:

Sko, jakke, bukse, sokkar, genser og truse. Denne rekkjefølgja er ein algoritme.

Å gjere ting i denne rekkjefølgja gjer at du skal ha fått på deg alle plagga, men kor smart vil du sjå ut med genseren utanpå jakka, sokkane over skoa og trusa utanpå buksa?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Knepper skjorte
Knepper skjorte

Oppskrifter er algoritmar

Dersom vi fekk beskjed om å bake bollar for første gong berre ved å sjå eit bilde av bollar, ville vi ikkje visst kva vi skulle gjere. Vi treng ei oppskrift (algoritme). Nokre gongar er det viktig å gjere ting i rett rekkjefølgje. Vi puttar til dømes ikkje gjær inn i bollane etter at dei er steikte.

Derfor må ein algoritme fortelje i kva rekkjefølgje ting må bli gjort. Det er òg viktig at oppskrifta fortel presist kor mykje mjøl vi skal bruke.

Hveteboller

Dette er vanskeleg!

I denne videoen får du sjå ein far som skal gjere akkurat det barna seier han skal gjere. Det viser kor vanskeleg det er å gi tydelege beskjedar.

Algoritmisk tankegang

Ein algoritme beskriv nøyaktig ein serie handlingar for at vi skal gjere oppgåvene på rett måte og i rett rekkjefølgje.

Algoritmisk tankegang er problemløysing. Vi løyser problema ved å lage algoritmar som kan bli programmerte. Då vil vi kunne løyse problema gjennom bruk av teknologi.

Algoritmisk tankegang handlar mellom anna om at du må kunne dele eit problem opp i mindre delar som er lettare å løyse. Du må kunne sjå mønster i informasjonen (dataa) du har.

Ein annan del av algoritmisk tankegang handlar om å lage modellar. Då kan ein løysa liknande problem med same type modell. Du må òg kunne finne og rette feil, og det krev at du held ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Algoritmer
Algoritmer

Korleis jobbe med algoritmisk tankegang?

Gode arbeidsmåtar er å utforske og eksperimentere. Du må skape og teste. Det handlar om å finne feila, rette dei og prøve på nytt. Og det handlar om å dele og samarbeide med andre.

Eit døme kan vere at plantane i klasserommet døyr. Korleis kan vi løyse dette?

  • Finn ut kva problemet er
    – Plantane i klasserommet døyr.
  • Ha ei idémyldring for å dele opp problemet i mindre delar
    – Plantane manglar vatn, og dei får for lite lys.
  • Vurder kva av delproblema som kan la seg løyse med hjelp av programmering
    – Automatisere ein sjekk på om plantane treng vatn.
  • Foreslå ei løysing på problemet
    – Bruke ein sensor som målar fuktigheita i blomsterpottene. Når det blir for tørt, skal han setje på ein alarm heilt til nokon har vatna plantane.

Her er nokre hverdagsproblem

Korleis ville du ha løyst desse problema ved å bruke teknologi?

  • Mange foreldre kjem ikkje på foreldremøta til skulen.
  • Når de vil spele fotball, er de ofte ikkje nok spelarar.
  • Du er bekymra for bestemora di fordi ho bur aleine og ofte er svimmel. Du er derfor redd ho skal falle, bryte foten og bli liggjande utan å få hjelp.
  • Når du skal lage frukost, er det ofte noko som manglar i kjøleskapet. Her har den som handlar matvarer, gløymt å kjøpe varene.
  • I gata der du bur, er det mange bilar som køyrer altfor fort. Det skaper ofte farlege situasjonar.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Algoritme bakgrunn
Algoritme bakgrunn

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 4. november 2021 frå https://snl.no/algoritme

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Gettyr Images