Algoritmar: Med trusa utanpå buksa

Kva meiner vi eigentlig med algoritmar og algoritmisk tankegang?

Accessibility icon Algoritmar: Med trusa utanpå buksa

Kva er ein algoritme?

Ein algoritme er ei liste med beskjedar om kva som skal bli gjort, og i kva slags rekkefølgje ein skal gjere ting. Dersom ein Formel 1-bil skal skifte dekk i eit billøp, skal det skje raskt. Då må alt bli gjort i rett rekkefølgje.

Formel 1 pitstop
Formel 1 pitstop

Med trusa utenpå buksa

Tenk deg at du får beskjed om å ta på kleda i ei anna rekkefølgje enn du pleier. Du skal gjere det i denne rekkefølgja:

Sko, jakke, bukse, sokkar, genser og truse. Denne rekkefølgja er ein algoritme.

Sjølv om du har på alle plagga, vil det nok sjå litt rart ut. Du har genseren utanpå jakka, sokkane over skoa og trusa utanpå buksa. Slik kan det gå om algoritmen ikkje er rett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Knepper skjorte
Knepper skjorte

Oppskrifter er algoritmar

Når du skal bake bollar, er det vanskeleg å vite kva du skal gjere om du berre får sjå eit bilde av bollane. Vi treng ei oppskrift. Ei oppskrift er ein algoritme. Oppskrifta fortel kva vi skal gjere og i kva rekkjefølgje vi skal gjere ting.

Det blir ikkje gode bollar om oppskrifta er feil. Tenk om det stod at du skulle ha salt i staden for sukker. Då ville det ikkje smake godt. Ein algoritme må derfor vere heilt korrekt. Han må  seie akkurat kva vi skal gjere, og i kva rekkjefølgje vi skal gjere ting. Viss algoritmen er feil, kan vi ikkje bruke han.

Hveteboller

Dette er vanskeleg!

Ein pappa gjer akkurat det barna hans seier han skal gjere. Barna er ikkje så flinke til å forklare heilt nøyaktig kva dei meiner. Då gjer pappaen mange rare ting. Det er vanskeleg å gi heilt tydelege beskjedar.

Algoritmisk tankegang

Ein algoritme seier akkurat kva vi skal gjere og i kva slags rekkefølgje. Algoritmisk tankegang handlar om korleis vi skal arbeide med problemløysing.

Algoritmisk tankegang handlar om at du må kunne dele eit problem opp i mindre delar. Då blir det lettare å løyse når du kan løyse ein og ein del.

Du må òg kunne finne og rette feil, og det krev at du held ut. Når du har løyst eit problem, kan du bruke same tankegang for å løyse eit liknande problem seinare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Algoritmer
Algoritmer

Korleis jobbe med algoritmisk tankegang?

Du må utforske og prøve deg fram. Det er viktig. Du må finne feila i det du har gjort og rette dei. Så må du prøve på nytt. Ofte er det lurt å samarbeide med andre om å finne ut av ting.

Tenk deg at du skal løyse eit problem. Problemet er at plantane i klasserommet døyr. Korleis kan du løyse dette?

  • Finn ut kva problemet er.
    – Plantane i klasserommet døyr.
  • Ha ei idémyldring for å dele opp problemet i mindre delar.
    – Plantane manglar vatn, og dei får for lite lys.
  • Kva kan la seg løyse av programmering?
    – At ein sensor målar om plantane treng vatn.
  • Foreslå ei løysing på problemet.
    – Når sensoren seier at jorda er tørr, skal ein alarm setje i gang. Han skal ringje inntil nokon har vatna slik at jorda blir fuktig igjen.

Her er nokre kvardagsproblem

Korleis ville du løyst desse problema ved å bruke teknologi?

  • Mange foreldre kjem ikkje på foreldramøta til skulen.
  • Når de vil spele fotball, er de ofte ikkje nok spelarar.
  • Bestemor bur aleine og er ofte svimmel. Du er redd for at ho skal falle, bryte foten og bli liggjande utan å få hjelp. Korleis skal ein sørge for at nokon får beskjed?
  • Når du skal lage frukost, er det ofte noko som manglar i kjøleskapet. Her har den som handlar matvarer, gløymt å kjøpe varene.
  • I gata der du bur, er det mange bilar som køyrer altfor fort. Det skaper ofte farlege situasjonar.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Algoritme bakgrunn
Algoritme bakgrunn

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Grønmo, Sigmund: algoritme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 4. november 2021 frå https://snl.no/algoritme

 

Bilde- og videorettigheter:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images