Jul i Minecraft
Gjer Minecraft om til eit juleeventyr! Følg oppskrifta under, og bygg eit juletre eller sleden til julenissen på rundt 15 minutt.
Kanskje ønskjer du å byggje ei verd med snø?
Juletre og reinsdyr
Bygg sleden til julenissen
Start med å setje gjerdestolpar i to høgder med tre blokker imellom. Etter det set du fem portar bak kvar av dei.
Julenissens slede
Det første reinsdyret
Sjølve sleden kan lagast av raud leire eller ull. Fallemmar kan vere dører. Framfor sleden kan du lage det første reinsdyret av brun ull. Det ser kanskje litt kjedeleg ut no, men det blir snart betre!
Første reinsdyr
Sal til reinsdyret
Eit teppe kan fungere som sal, og jerngitter blir horn. Steinknappar blir auge, og ein treknapp kan vere nase. Eit snubletrådfeste kan vere eit halsband.
Sal til reinsdyr
Fleire reinsdyr
Då er det berre å byggje resten av reinsdyra, så har du ein ferdig julenisseslede!
Viss du vil, kan du pynte med nokre kister på sleden. Desse liknar på julegåver.
Flere reinsdyr
Bygg eit juletre
Begynn med å lage eit juletreteppe av teppebitar i passande fargar. Teppet bør minst vere så stort som på biletet. I midten kan du setje tre granblokker oppå kvarandre.
Juletre fot
Det første trelaget
Det er viktig at du får det første trelaget rett. Fyll inn med granblad i djupna til tre blokker i alle retningar. Tanken er at det skal vere omtrent på storleik med teppet du har laga.
Første trelaget
Fem lag
Vi har gitt treet vårt fem lag. Dei tre laga i midten er to blokker høge. Du kan lage det høgare viss du vil, men då må du nok gjere det breiare òg!
Nesten ferdig juletre
Julekuler
For å lage ei stjerne kan du bruke ein gjerdestolpe med noko glødande øvst. Mobhovud kan fungere som julekuler. Nokre kister som gåver rundt treet er heller ikkje feil. Kanskje vil du pynte treet med noko anna òg?
God jul!
Ferdig juletre med julekuler
Kjelder:
- Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
Orage Forlag AS
Biletrettar
Alle skjermbilete av Luka Majchrowicz