Musikk kan endra verda
Musikken si rolle i samfunnet går langt tilbake i tid. Han når ut til alle aldrar og samfunnsklasser og har i dag stor reaksjonskraft både politisk og sosialt.

Musikk som samfunnsspegel
Gjennom historia har musikken spegla samfunnet. Artistar og komponistar har brukt den tida dei levde i til å skapa musikk.
Musikk blir brukt både til glede og sorg. Musikk kan også kritisera samfunnet.

Musikken i vikingtida
Song og musikk spelte ei viktig rolle i vikingtida. Musikken blei brukt til fest, når barna skulle sova, eller når ein skulle utføra tungt arbeid. Musikkinstrument blei til og med brukte i krig.
Me veit ikkje korleis melodiane høyrdest ut. Instrumenta dei spelte på, var bronselurar, beinfløytar og bukkehorn.
📷 Bronselurar funne i Brudevælte i 1797.

Islands kamprop
Islands fotballag blei hylla i 2016 etter kjempeprestasjonar i EM. Kanskje krafta i dette vikinginspirerte kampropet hjelpte dei på vegen.


Frå slavesong til rock’n’roll
På 1600-talet var det behov for billig arbeidskraft i Amerika. Det vart henta slavar frå Afrika. Dei levde under umenneskelege forhold.
Slavane jobba på store plantasjar, la jernbaneskjener eller jobba i gruver.
Sang og musikk hjelpte dei til å organisera arbeidet, og musikken gav dei trøyst.
Slavesongen gav inspirasjon til mange musikkformer, mellom anna rock’n’roll.

Musikk som motivasjon i arbeid
I denne videoen ser du afro-amerikanske fangar som legg jernbanespor på 1960-talet. Her bruker dei reiskapane til å skapa musikk, slik slavane også gjorde.
Inspirert av slavemusikk
På 1950- og 1960-talet vart mange artistar inspirerte av afroamerikansk musikk.
Elvis Presley er kjend som kongen av rock and roll. Han var sterk påverka av afroamerikanske rytmar og gospel.
Også Beatles var inspirert av afroamerikansk musikk. Den tidlege musikken deira bar preg av dette.
Aretha Franklin, kjent som The Queen of Soul, var ein av dei viktigaste vokalistane på 1960-talet. Ho blanda gospel, soul og rhythm and blues. Slik skapte ho ein unik stil og inspirerte mange artistar.
Denne perioden markerer ei tid med stor kulturell og musikalsk utveksling. Dette la grunnlaget for mange av dagens populære sjangrar.


Rap-musikk
På 1990-talet og 2000-talet skapte rap-musikken eit stort samfunnsengasjement. Artistar rappa om miljø, rasisme, klima og sosial angst.
Desse artistene har ein stor skare av tilhengarar blant unge fans, og dei har enorm påverknadskraft.



Kjelder:
- Ruud, Even: musikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk
- Viking.no (05.01.2021): Vikingtidens sang og musikk
http://www.viking.no/s/life/music/
- Hankeln, Roman: musikk i middelalderen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk_i_middelalderen
- Bjerkestrand, Nils E.; Hosar, Halvor K.: musikk i klassisismen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk_i_klassisismen
- Ruud, Even: rock i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/rock
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
BeanymanSports – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
David Hoffman – YouTube
-
Ukjent
-
Ukjent (CC BY 2.0) / Tristan Rovan – YouTube
-
Getty Images / Oxygene 80 – YouTube
-
EJ Hersom / DOD News Features (CC BY 2.0)
-
Peter Neill (CC BY 2.0) / Nichlas Andre – YouTube / LadyGagaVEVO – YouTube / Rap City – YouTube / Green Day – YouTube
-
Ukjent / KendrickLamarVEVO – YouTube / Bechir Houman – YouTube / Janie94 – YouTube / TIXVEVO – YouTube
-