Musikk som samfunnsspegel

Gjennom historia har musikken spegla samfunnet han har blitt brukt i. Artistar og komponistar har brukt den tida dei levde i til å skapa musikk. Anten for å begeistra eller for å kritisera. Musikk blir brukt både til glede og sorg, eller som reaksjon samfunnsspørsmål.

Musikken i vikingtida 

Song og musikk spelte ei viktig rolle i vikingtida. Musikken blei brukt til fest, når barna skulle sova, eller når ein skulle utføra tungt arbeid. Musikkinstrument blei til og med brukte i krig. Vi har ikkje funne notar, så vi veit ikkje korleis melodiane høyrdest ut. Men instrument har vi funne mange av. Dei spelte på bronselurar, beinfløyter og bukkehorn. Ein høvding eller konge viste styrke og makt ved å ha musikarar rundt seg. 

📷 Bronselurar funne i Brudevælte i 1797.

Islands kamprop 

Islands fotballag blei hylla i 2016 etter kjempeprestasjonar i EM. Kanskje krafta i dette vikinginspirerte kampropet hjelpte dei på vegen. 

Musikk æra Gud og dei kongelege 

I middelalderen blei song og musikk kyrkja sitt språk. Dei brukte det latinske språket til dei gregorianske songane sineDet gjorde at folk flest ikkje forstod kva dei høyrde eller song. Derfor skapte folket sin eigen musikk folkemusikken. Kyrkja likte ikkje dette, for musikk skulle ikkje brukast til dans og fest. 

Under reformasjonen på 1500-talet blei det skrive salmar på folkets eige språk. Melodiane var ofte gamle folkeviser. Då forstod folk kva dei song i kyrkja.

Musikken skulle også hylla og underhalda dei kongelege. Dei hadde økonomi til å lønna musikarar og komponistar. Det var eit statussymbol å ha eige orkester og komponistar ved hoffet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vegen til å bli «fri» komponist 

På 1600-talet var mange komponistar og musikarar tilsette hos kongen eller i kyrkja. Komponisten måtte laga musikk som biskopen eller kongen ville høyra. Han kunne ikkje skriva kva han sjølv ønskte

På 1700-talet braut fleire komponistar med tradisjonen, og skapte heilt ny musikk. No var det ikkje berre prestar og kongelege som fekk nyta godt av musikken, men også dei rike. Musikk blei sett på som god danning. No kunne komponistane tena penger ved å selja musikken sin til konsertarrangørar, og ikkje vera avhengige av lønn frå kongen.

Musikkgeniet Wolfgang Amadeus Mozart ønskte å leva som «fri» kunstnar utan fast stilling hos kongen eller kyrkja. Han ville laga musikk slik han ønskte, men han møtte stor motstand. Skulle han få lønn, måtte han skriva det kongen eller kyrkja befalte.   

Livet som komponist og musikar var heilt annleis for Ludwig van Beethoven. Han klarte å leva som komponist utan fast arbeidsgivar. Tilværet som «fri» kunstnar inspirerte mange som ønskte det same. Beethoven blei eit førebilete for mange i tida etter at han døydde i 1827.  

📷 Statue av Ludwig van Beethoven i Bonn, Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Frå slavesong til rock’n’roll 

På 1600-talet var det stor etterspurnad etter billig arbeidskraft i Amerika. Slavar blei henta frå afrikanske land, og dei levde under umenneskelege forhold. Dei jobba på store plantasjar, la jernbaneskjener eller jobba i gruver. Song og musikk hjelpte dei til å organisera arbeidet, og musikken gav dei trøyst. Slavesongen gav inspirasjon til rock’n’roll.

Musikk som motivasjon i arbeid 

Videoen viser svarte fangar som legg jernbanespor på 1960-talet. Her bruker dei reiskapane til å skapa musikk, slik slavane også gjorde.

Inspirert av slavemusikk 

Kvite artistar blei inspirerte av musikken til slavane. Rasisme sette eit skilje mellom dei kvite og dei svarte, men svarte artistar fekk meir respekt. Den teknologiske utviklinga av instrument, TV og radio gjorde at musikken blei meir og meir populær. Ikkje minst blant ungdommar som trong andre idol enn foreldra sine. Tenåringsidol som Elvis, Little Richard og The Beatles endra musikkhistoria. På 1950- og 1960-talet skapte rock’n’roll eit stort samfunnsengasjement.

Politisk engasjement i musikken 

Utover på 1900-talet blei lydnivået på musikken skrudd kraftig opp. Med elgitarar og mikrofonar blei rockemusikken meir og meir høglydt, og tekstane blei meir og meir politiske. Svarte artistar song om rasisme og like rettar for alle.

På 1960-talet blei musikken brukt til å kritisera statsleiarar, krig og forskjellsbehandling av folk. Krigen i Vietnam blei ofte kritisert i rockemusikken. Bob Dylan blei ein av dei viktigaste protestsongarane med sin song «Blowin’ in the Wind» frå 1964.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Punk

På 1970-talet var det nok punkmusikken som utmerka seg mest. Med den heilt spesielle klesstilen og hårfrisyrane sine skreik dei ut dei politiske bodskapane sine om rettferd og dårleg politisk styring.

Rockelegenden Bruce Springsteen blei ei stemme for arbeidarklassen. Mange følte at samfunnet var urettferdig. På 1980-talet brukte artistar populariteten sin til å samla inn pengar til svoltkatastrofar i Afrika. TV-konserten Live Aid i 1985 samla 1,5 milliardar sjåarar over heile verda. Bodskapen om solidaritet nådde ut som aldri før.

«We are the world» frå 1985 samla inn pengar til svoltramma barn i Afrika. 45 amerikanske artistar deltok.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Rap-musikk 

På 1990-talet og 2000-talet skapte rap-musikken eit stort samfunnsengasjement. Artistar rappa om miljø, rasisme, klima og sosial angst. Desse artistene har ein stor skare av tilhengarar blant unge fans, og dei har enorm påverknadskraft. 

Politiske songar 

Bono, frå det irske bandet U2, sa ein gong at musikk kan endra verda fordi han kan endra menneske. Her er nokre fleire eksempel på politiske songar som har gjort ei endring.

I Noreg blei Ole Paus sin song «Mitt lille land» brukt som ein solidaritetssong etter terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011. 

Lady Gaga laga ein monsterhit i 2010 med låten «Born This Way». Bodskapen er å ha respekt for menneske slik dei er. 

Sommaren 2020 blei George Floyd drepen av politiet. Han fekk ikkje pusta. Dette blei forspelet til Black Lives Matter-rørsla, og rapparen Dax skreiv ein låt om det. 

11. september 2001 blei to passasjerfly styrte inn i World Trade Center i New York. USA starta krig mot islamsk terrorisme. Det britiske bandet Green Day kritiserte USAs handlingar med låten «American Idiot».

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Musikk som endra livet 

Nokre gonger opplever vi musikk som noko av det viktigaste i livet. Somme ofrar nærast livet sitt for musikken. Han blir til inspirasjon for å halda ut, eller for å engasjera seg i politikk eller solidaritet.

I 2015 skreiv Kendrick Lamar låten «Alright». Låten tar eit oppgjer med rasismen i USA. Han har blitt brukt under demonstrasjonar mot politiet sin brutalitet mot mørkhuda.  

I 1944 overlever ein polsk jøde fordi han kan spela piano. Wladyslaw Szpilman får hjelp av ein tysk offiser viss han lovar å spela Frederic Chopin. 

Ein av dei største katastrofane i verda til sjøs var då Titanic forliste i 1912. Mens skipet gjekk ned, og passasjerane kjempa for livet, spelte orkesteret ein salme for å halda motet oppe. 

 

Etter at den norske artisten TIX ønskte å ta sitt eige liv, skreiv han songen «Jeg vil ikke leve». Han håpar songen kan hjelpa andre som slit med livet sitt. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ruud, Even: musikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk
  • Ruud, Even: rock i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/rock

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. RT – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. David Hoffman – YouTube
    8. Ukjent
    9. Ukjent (CC BY 2.0) / Tristan Rovan – YouTube
    10. Getty Images / Oxygene 80 – YouTube
    11. EJ Hersom / DOD News Features (CC BY 2.0)
    12. Peter Neill (CC BY 2.0) / Nichlas Andre – YouTube / LadyGagaVEVO – YouTube / Rap City – YouTube / Green Day – YouTube
    13. Ukjent / KendrickLamarVEVO – YouTube / Bechir Houman – YouTube / Janie94 – YouTube / TIXVEVO – YouTube