Blir til elektriske signal
Når lydbølgjene treffer øyra dine, set dei trommehinnene i bevegelse. Derfrå går bevegelsane vidare til eit vassfylt rom vi kallar sneglehuset. Bevegelsane i vatnet der inne vert brukte til å danne elektriske signal som strøymer inn i hjernen. Men dette er berre ein liten del av historia.
Jente med hodetelefoner som danser foran en grønn vegg
Endringar i forma til ei lydbølgje gjer lyden annleis.
Volum
Volum eller lydnivå vert bestemt av høgda på lydbølgja. Dess større bevegelsar, dess høgare lyd.
Graf av volum
Tonehøgde
Tonehøgda vert bestemt av kor ofte bevegelsane i ei bølgje skjer. Bølgjer som svingar sakte, dannar låge tonar, mens raske bølgjer gir høge tonar.
Graf av tonehøyde
Klang
Klang handlar om korleis sjølve lyden høyrest ut. To instrument kan skape den same tonen, men lyden kan likevel vere veldig forskjellig. Klangen vert bestemt av forma på lydbølgja.
Resonans
Ein gummistrikk som er spent over ein tom smørpakke, læt heilt forskjellig frå stålstrengar som er spente på ein gitar. Bevegelsane vi skaper når vi slår på strikken eller strengen, vert førte inn i kroppen til instrumentet. Forma på instrumentet har svært mykje å seie for klangen som kjem ut. Ulike ting bevegar seg forskjellig, og nokre bølgjer vert mykje meir forsterka enn andre. Dette kallar vi resonans.
Utsnitt av fronten på en gitar
Det spesielle med stemma
Resonansen i eit musikkinstrument er fast, med mindre instrumentet kan endre form. Det er dette som gjer menneskestemma så spesiell. Halsen, munnen og nasen fungerer på same måten som holromma i musikkinstrumenta, og forsterkar bevegelsane som vert skapte av stemmebanda.
Ved å endre forma på munnen skaper vi ulike lydar, og ved å opne halsen eller syngje gjennom nasen kan vi lage heilt ulike klangar. Dette skjer fordi vi endrar eigenskapane til stemmeorgana. Operasongarar er ekspertar på dette. Dei fyller heile konsertsalar med stemma, heilt utan hjelp frå ein mikrofon.
Korleis verkar instrumenta?
Instrument kan delast inn i fire grupper, ut frå at dei produserer lyd på ulike måtar. Forma på instrumenta og materialane dei er laga av, er med på å bestemme klang, tone og volum.
Messingblåsarar
Dei som spelar messingblåsarar, skaper lyd ved å blåse inn i eit munnstykke av metall. Bevegelsane dei skaper, bestemmer tonehøgda. Denne kan endrast ved å forandre forma på munnen. Lyden som kjem ut, vert påverka av sjølve instrumentet, og dei kjem i mange ulike storleikar og former: frå eit enkelt rør til eit nettverk med hol, ventilar og flyttbare delar. Dermed kan musikaren endre tonehøgda ved å endre banen til lufta gjennom instrumentet. Dess lenger lufta bevegar seg, dess lågare blir tonen. Døme på messingblåsarar: trompet, fransk horn, trombone og tuba.
Menns hender som spiller på trompet
Slagverk
Desse instrumenta lagar lyd når vi slår på dei. I ei tromme skaper vi bevegelsane når vi slår på det spente skinnet, og lyden vert forsterka av resten av tromma. Ei bjølle gir lyd frå seg når vi slår på metallet, og både bjølla og lufta inni henne bevegar seg. På xylofonen vert lyden forsterka av rør som heng under stavane. Det at instrumenta er ulike i storleik, form og materialar skaper ulike tonar og klangar. Eksempel på slagverk: xylofon, vibrafon, marimba, klokkespel, tromme.
Trommestikker som slår på en vibrafon
Strengeinstrument
Fiolinen, gitaren og pianoet har strengar som er ulikt lange og tjukke. Dette gjer at dei skaper ulike tonar. Dess lengre og tjukkare strengen er, dess djupare blir lyden. Lyden blir også ulik fordi vi slår på strengane på ulike måtar. Når strengen vert plukka på, trekkjer han i ankerfesta, og det kjem eit kraftig rykk. Når strengen bevegar seg fram og tilbake, avtar dette, og klangen blir mjukare. Når vi dreg ein boge over ein streng, bevegar strengen seg kontinuerlig, og det kjem meir langvarige tonar. I pianoet kjem den spesielle lyden frå hamrar som slår på strengane.
Profesjonell kvinnelig harpespiller
Treblåsarar
I treblåseinstrumenta vert det skapt ein straum av luft som kan forlengast eller forkortast ved å dekke til og opne for hola i røret. Dess lengre veg lufta må gå, dess meir tid tar det for henne å flytte seg heile vegen. På den måten blir tonen lågare. Det finst to hovudgrupper, nemleg fløyter og munnstykkeinstrument. Fløyter fungerer omtrent som når vi blæs på ein flasketut, og straumen av luft skaper bevegelsar i instrumentet. Munnstykkeinstrument har eit munnstykke som er bevegeleg, og når musikaren blæs, fører bevegelsane til at luftbana gjennom instrumentet endrar seg. Døme på treblåsarar: fløyte, saksofon, klarinett og obo.
Smokingkledd obospiller i et orkester
Theater of Roosevelt University i Chicago
Kjelder:
- Ny vitenskap (2017-3)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Imagine Publishing
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Imags
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-