Mysteria i det gamle Egypt
Historiene og mysteria frå Egypt i oldtida har trollbunde menneska i fleire hundre år. Vi har storslegne pyramidar som hevar seg over den gylne sanden i ørkenen og kjølege faraograver, fulle av skattar. Men korleis var livet for dei som levde, arbeidde og døydde i skuggane av slike unike monument?

Det gamle Egypt
Det gamle Egypt (også kalla oldtidas Egypt) begynte då regionane Øvre og Nedre Egypt blei samla, og tok slutt då dei blei invaderte av Aleksander den store i 332 f.Kr. Då hadde riket eksistert i nesten 3000 år. I dag finst det framleis minne frå den gongen: skattar, graver, monument, mumiar og artefaktar som ein har funne i god stand.


Folk henter vann i Nilen

Gammelt egyptisk bilde

Farao
Kosthald
Dei fleste egyptarane åt mykje brød og drakk øl. Dei rike hadde også kjøt, grønsaker og vin. For å visa fram kor rike og velståande dei var, heldt dei storslegne bankettar. Berre rike egyptarar sat på stolar og åt, dei fattige måtte klara seg med golvet.

Gammelt bilde av egyptere

Pyramide
Festivalar
I Det gamle Egypt var det viktig med festivalar, som skulle gå føre seg på bestemte tider kvart år. Ein åt og drakk, sette papirbåtar ut på vatnet, eller gjekk i store tog – litt avhengig av kva for ein gud dei skulle feira. Bursdagen til soloppgangsguden Ra-Horakthy blei feira på den første dagen i året.

Gammel papyrus
Mytar om skapinga
Dei gamle egyptarane fortalde mytar om korleis dei meinte verda blei til. Vi veit mykje om dette frå Pyramidetekstane. Dei blei skrivne på veggane inne i pyramidane, cirka 2375 f.Kr. Tekstane fortel av verda stod opp frå eit uendeleg hav utan liv, då sola stod opp for første gong. Mange skapingsgudar og -gudinner var involverte.

Trapp med gamle egyptere på veggene

Mumie i en gammel egyptisk kiste
Livet etter døden
Alle ønskte å koma til eit paradis når livet var over. For å koma seg dit trudde egyptarane at ein måtte på ei farleg reise gjennom underverda. Då fekk ein hjelp av guden Anubis.
Høyr stemma til ein 3000 år gamal mumie …

Gammel egyptisk kiste gravlegges
Korleis veit vi dette?
Rosettasteinen blei funnen av ein av majorane til Napoleon i 1799. Steinen inneheldt same tekst på tre ulike språk, inkludert hieroglyfar. Dette blei nøkkelen til å dekoda hieroglyfane, som førte til ei enorm innsikt i historia til Det gamle Egypt, og denne kunnskapen blir sett på som eineståande for innsikta vår i denne rike kulturen.
Kjelder:
- Historiens største mysterier (2017)
Orage Forlag AS
- NRK