Mysteria i det gamle Egypt
Historiene og mysteria frå Egypt i oldtida har trollbunde menneska i fleire hundre år. Vi har storslegne pyramidar som hevar seg over den gylne sanden i ørkenen og kjølege faraograver, fulle av skattar. Men korleis var livet for dei som levde, arbeidde og døydde i skuggane av slike unike monument?
Det gamle Egypt
Det gamle Egypt var eit stort rike som var for lenge sidan. Vi kallar det også Oldtidas Egypt. Alt starta ein gong rundt år 3100 f.Kr. då dei to områda Øvre og Nedre Egypt slo seg saman. Egyptarane laga mange fine skattar og bygningar som vi kan sjå i dag.
Folk henter vann i Nilen
Gammelt egyptisk bilde
Farao
Kosthald
Dei fleste egyptarane åt mykje brød og drakk øl. Dei rike hadde også kjøt, grønsaker og vin. For å visa fram kor rike og velståande dei var, heldt dei storslegne bankettar. Berre rike egyptarar hadde moglegheit til å kjøpa stolar. Dei fattige måtte sitja på golvet og eta.
Gammelt bilde av egyptere
Pyramide
Festivalar
Egyptarane hadde ikkje éin måte å be på. Det varierte etter stad og sosial klasse. Det var heilage stadar i templa der berre prestane og faraoen fekk lov til å vera. Dei skulle då fortelja gudane kva vanlege folk trong. Så kom dei ut og fortalde om kva gudane hadde svara. Faraoen måtte sørgja for at gudane fekk symbolske offer av mat, drikk, kle og salvar.
Gammel papyrus
Mytar om skapinga
Dei gamle egyptarane fortalde mytar om korleis dei meinte verda blei til. Vi veit mykje om dette frå Pyramidetekstane. Dei blei skrivne på veggane inne i pyramidane, cirka 2375 f.Kr. Ifølgje tekstane var alt ein gong berre eit stort, daudt hav. Så steig sola opp for første gong, og då blei verda til. Mange skapingsgudar og -gudinner var med på å få dette til.
Trapp med gamle egyptere på veggene
Mumie i en gammel egyptisk kiste
Livet etter døden
Alle ønskte å koma til eit paradis når livet var over. For å koma seg dit trudde egyptarane at ein måtte på ei farleg reise gjennom underverda. Då fekk ein hjelp av guden Anubis.
Høyr stemma til ein 3000 år gamal mumie …
Gammel egyptisk kiste gravlegges
Korleis veit vi dette?
Rosettasteinen blei funnen av ein av majorane til Napoleon i 1799. Steinen inneheldt same tekst på tre ulike språk, inkludert hieroglyfar. Dette blei nøkkelen til å dekoda hieroglyfane, som førte til ei enorm innsikt i historia til Det gamle Egypt, og denne kunnskapen blir sett på som eineståande for innsikta vår i denne rike kulturen.
Kjelder:
- Historiens største mysterier (2017)
Orage Forlag AS
- NRK