Den store ideen
Nicolaus Copernicus var mannen som på 1500-talet foreslo at sola måtte vera midtpunktet i universet. Planetane gjekk i bane rundt sola, og månen gjekk i bane rundt jorda. Stjernene stod stille på eit ytre himmelskal, som var enden av universet. Sjølv om han tok feil i enkelte ting, blei denne modellen eit viktig utgangspunkt for det vi har lært om universet i dag.
Jordsentrisk modell
Før Copernicus trudde alle europeiske astronomar at jorda var midtpunkt for solsystemet, og at sola, månen og dei andre planetane gjekk i ring rundt jorda. Dette var forklart av dei gamle, greske lærde Aristoteles og Ptolemaios, og støtta av kyrkja. Alle dei som våga å seia noko anna, blei skulda for vranglære og kunne bli straffa med døden.
Galileos tegning av Copernicus´diagram over universet
Hemmelege skrifter
Rundt 1514 ga Copernicus ut eit kort, anonymt manus som han kalla Commentariolus. Anonymt vil seie at det er ein ukjend forfattar som har skrive manuset. Der la han fram teoriane sine om sola som midtpunktet for universet. Sjølv om han berre gav manus til nokre få vener, begynte det å summa rundt Copernicus og dei nye teoriane hans. På denne tida var det livsfarleg å tvila på læra og trua til kyrkja. Copernicus heldt likevel fram med å utvikla teoriane sine, men torde ikkje å gje dei ut. Han heldt kunnskapen sin hemmeleg i fleire tiår. I 1543 ga han endeleg ut boka «Om omdreiingane til himmelsirklane».
Et oppslag fra boka Commentariolus
Statue av Copernikus i Warsawa, Polen
Kjelder:
- Universet Junior (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-