Læreplantilkobling

Fag

Historie

Kunst og håndverk

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Berekraftige samfunn
  • Håndverksferdigheter
  • Kunst- og designprosesser
  • Visuell kommunikasjon
  • Kulturforståelse
  • Historiebevissthet
  • Utforskende historie og kildekritisk bevissthet
  • Mennesker og samfunn i fortid, nåtid og framtid
  • Historisk empati, sammenhenger og perspektiver
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Identitet og livsmeistring

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Kunst og håndverk
  • tolke former og symboler fra ulike kulturer og bruke disse i visuelle uttrykk
4. trinn
Samfunnsfag
  • samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet
7. trinn
Kunst og håndverk
  • utforske og reflektere over hvordan følelser og meninger vises i kunst, og bruke symbolikk og farge til å uttrykke følelser og meninger i egne arbeider
7. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive sentrale hendingar som har ført fram til det demokratiet vi har i Noreg i dag og samanlikne korleis enkeltmenneske har høve til å påverke i ulike styresett
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske ulike sider ved mangfald i Noreg og reflektere over menneska sine behov for å vere seg sjølve og for å høyre til i fellesskap
7. trinn
Samfunnsfag
  • drøfte kva likeverd og likestilling har å seie for eit demokrati, og utvikle forslag til korleis ein kan motarbeide fordommar, rasisme og diskriminering
10. trinn
Kunst og håndverk
  • analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid
10. trinn
Kunst og håndverk
  • reflektere kritisk over visuelle virkemidler og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i en skapende prosess
10. trinn
Samfunnsfag
  • drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
VG2
Historie
  • utforske og reflektere over hvordan fortiden minnes lokalt og nasjonalt
VG2
Historie
  • reflektere over hvordan fortiden former oss som mennesker
VG3
Historie
  • reflektere over hvordan fortolkninger av fortiden er preget av nåtidsforståelse og forventninger til framtiden
VG3
Historie
  • reflektere over hvordan fortiden brukes av ulike aktører og drøfte hensikten med denne historiebruken
VG3
Historie
  • utforske fortiden ved å formulere problemstillinger, finne, vurdere og bruke ulikt materiale og presentere egne slutninger
VG3
Historie
  • analysere hvordan framstillinger av fortiden har blitt brukt i Norge for å skape nasjonal identitet og drøfte hvilke virkninger dette har hatt for ulike grupper
VG3
Historie
  • gjøre rede for tanker og ideologier som har ligget til grunn for politiske omveltninger fra opplysningstiden til i dag og vurdere betydningen av disse for menneskers muligheter til demokratisk deltakelse
VG3
Historie
  • utforske hvordan mennesker har arbeidet for myndiggjøring og frigjøring i norsk og samisk historie, og gjøre rede for hvordan de samtidig har bidratt til utviklingen av demokratiet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i kulturuttrykk, identitet og levesett innanfor og mellom majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar
VG3 påbygging
Historie
  • reflektere over hvordan fortiden former oss som mennesker, og hvordan våre fortolkninger av fortiden er preget av nåtidsforståelse og forventninger til framtiden
VG3 påbygging
Historie
  • analysere hvordan framstillinger av fortiden har blitt brukt i Norge for å skape nasjonal identitet og drøfte hvilke virkninger dette har hatt for ulike grupper
VG3 påbygging
Historie
  • reflektere over hvordan fortiden brukes i lokalmiljøet og av ulike aktører, og drøfte hensikten med denne historiebruken
VG3 påbygging
Historie
  • utforske hvordan mennesker har arbeidet for myndiggjøring og frigjøring i norsk og samisk historie, og gjøre rede for hvordan de samtidig har bidratt til utviklingen av demokratiet
VG3 påbygging
Historie
  • gjøre rede for tanker og ideologier som har ligget til grunn for politiske omveltninger fra opplysningstiden til i dag og vurdere betydningen av disse for utviklingen av det moderne demokratiet

Noreg i raudt, kvitt og blått!

Kva er det med den fargerike kluten vi har festa på ei stong og vaiar rundt med? Det kan verke litt fjollete – men sanninga er at flagget har ei veldig viktig rolle i historia og at det framleis betyr mykje for oss.

Dame på toppen av et fjell med det norske flagget

Lang historie

Dei første vi kjenner til som brukte flagg, var kinesarane. Det var nesten 2000 år sidan. Det blir sagt at ein mann heldt eit kvitt silkeklede framfor seg for å vise at han hadde grunnlagt eit mektig rike, også kalla eit dynasti. Sidan vart kinesiske flagg ofte pryda med fuglar, tigrar og drakar. Bruken av eit tøystykke med bestemte fargar og mønster spreidde seg vidare til India, og så til resten av verda.

Det første kinesiske flaget (1889-1912)
Papir bakgrunn

Krigføring

Flagget har frå første stund blitt brukt til å symbolisere leiarskap og erobring. Det viste seg å vere veldig effektivt i krigføring. Flagga fekk sitt eige språk slik at ein kunne kommunisere på lange avstandar. Kongar og mektige krigførarar hadde sine eigne merke på flagga. På slagmarka var det ofte eit poeng å erobre flagget til fienden. Det kunne bety at ein hadde vunne slaget. Når eit land vart teke, var det viktig å markere det ved å heise flagget på staden. Å vifte med eit kvitt flagg har i lang tid betydd at ein overgir seg og ber om fred.

Heising av flagget i Iwo Jima, 1945

Kvar nasjon sitt flagg

I Europa fekk flagga stor betydning utover 1700-talet. Verdsdelen var i stor utvikling, og flagget vart ein del av identiteten i landa. Nasjonalflagget var noko konkret som folket kunne samle seg om. Eit vaiande flagg med den unike kombinasjonen av fargar og mønster var eit lett synleg symbol på landet.

Den franske revolusjon
Papir bakgrunn

Eit sterkt symbol

Eit flagg fortel mykje gjennom få verkemiddel og signal. For at signala skal vere tydelege, må fargane vere klare og mønsteret enkelt. Derfor er det sjeldan tekst eller bokstavar på flagg. Eit flagg skal vise kva vi verdset og held høgt, bokstaveleg talt. Det pakistanske flagget er grønt og har ein halvmåne og ei stjerne, der både farge og symbol representerer islam.
Det britiske flagget er forma av tre kors som er lagde oppå kvarandre. Det er symbola til Englands, Skottlands og Irlands kristne skytshelgenar.

Det pakistanske flagget
Papir bakgrunn

Det første norske flagget

Då Noreg vart ein sjølvstendig stat i 1814, hadde landet vårt vore underlagt Danmark i over 400 år. Det danske flagget var det einaste flagget nordmenn kjende til. Men i folks medvit fanst eitt nasjonalsymbol – «Den norske løva». Det symbolet hadde vore brukt i Noreg på 1500-talet.

Dette afrikanske dyret er eit gammalt symbol på kongemakt i Europa. Den nye nasjonen Noreg fekk eit flagg som var heilt likt det danske, men med ei gul, «norsk løve» øvst i hjørnet. Løva er framleis Noregs riksvåpen i dag.

Det første norske flagget i 1814
Papir bakgrunn

Flagget vårt i dag

Det danske flagget, dannebrog, er blant verdas eldste. Etter eit slag mellom danskar og estarar på 1200-talet kom flagget visstnok dalande ned frå himmelen. Danskane tok det med seg.

Folka i Noreg ønskte etter kvart at nasjonen skulle ha eit eige flagg. Det kom fleire forslag til korleis det nye flagget skulle sjå ut. Både grønt og grått, svart og kvitt vart foreslått. I 1821 vart det til slutt vedteke at det skulle vera raudt, kvitt og blått med kors. Slik vi kjenner det i dag. Det betyr at i år, i 2021, har det norske flagget 200-årsjubileum! Hurra! Det er vel verdt å flagge for.

Norges flagg godkjent av Karl Johan i 1821
Papir bakgrunn

Reglar for flagg

Når du held det norske flagget, kan du ikkje gjere kva som helst med det. Det er nokre reglar du må følgje. Du har kanskje allereie lært ein av dei når du har gått i 17. mai-toget. Flagget skal alltid haldast høgt, og aldri kome i bakken. Det må behandlast med respekt.

På flaggdagar skal alle offentlege bygningar flagge. Det er til dømes 17. mai og bursdagen til kongen. Flaggdagane finn du i ein kalender. Når nokon har bursdag, er det vanleg å flagge, men det er ikkje ein regel. Det er ein skikk – og eit hyggeleg signal til folk i nabolaget.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Det norske flagget heist

17. mai-flagget

Kva hadde 17. mai-feiringa vore utan flagget – det er jo sjølvaste 17. mai-flagget! Noreg stiller i særklasse når det gjeld å feire nasjonaldagen sin. Få andre land kan måle seg med barnetoga våre. Dei fleste andre land fyller gatene med militærparadar på nasjonaldagen. Gater fulle av glade barn som vaiar med flagget, er sjølve symbolet på 17. mai. Men også på identiteten vår som nordmenn.

Det har ikkje alltid vore slik. Å feire 17. mai var ulovleg under andre verdskrigen. Det norske flagget var ulovleg å eige. Ein kunne bli arrestert eller drepen av nazistane viss ein heldt i eit norsk flagg. Då Noreg igjen var eit fritt land i 1945, fekk flagga ei ny og endå sterkare betydning. Du kan sikkert tenkje deg korleis dei første 17. mai-toga etter krigen var. I Oslo kokte det over av glede!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
17. mai tog, 2016

Kjensler i eit flagg

Dette flagget har folk kjempa for med livet som innsats. Det er så mykje meir enn ein tøybit. Det set i gang kjensler hos oss, som glede, sorg og stoltheit. Flagget representerer oss og samlar oss. Flagget har ei historie som knyter oss saman. Det er forteljinga om Noreg, om oss. Overalt i verda kan vi kjenne igjen flagget vårt. Då føler vi oss som heime igjen. Andre menneske frå andre land har det sikkert på same måten med nasjonalflagget sitt.

Norske flagget som flagrer bak en båt

Sjørøvarflagget 

Alle nasjonar i verda har sitt eige flagg. I tillegg finst det eigne flagg for kongar, militære, foreiningar og fotballklubbar. Betydninga til ulike flagg har forandra seg med tida. Ein gong var sjørøvarflagget eit frykta symbol ute på havet. Det betydde bråk, og sjømenn var redde for liva sine. No er sjørøvarflagget mest brukt som rekvisitt på karneval. Og ingen er så redde lenger.

Jolly roger - sjørøverflagg
Papir bakgrunn

Sørstatsflagget

Dette flagget vart brukt av slaveeigarane i sørstatane i USA på 1800-talet. Sidan har det vore knytt til rasisme. Det har vekt vonde kjensler, særleg for etterkommarane av slavane – afroamerikanarane. For dei symboliserer flagget undertrykking og kvit overlegenheit. Bruken av flagget får mange til å protestere. På den andre sida er mange kvite sørstatsfolk stolte av flagget og meiner det er ein god, gammal amerikansk tradisjon.

Etter mange demonstrasjonar har fleire delstatar innsett at sørstatsflagget er ei sterk fornærming mot afroamerikanarar. Dermed er det fjerna som offentleg flagg. Slik ser vi korleis flaggbruk må justerast i takt med at verda går framover.

Sørstatsflagget
Papir bakgrunn

Kjelder:

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Sodacan / Getty Images
    3. Joe Rosenthal / GuessIt – YouTube
    4. Eugène Delacroix / Getty Images
    5. Zscout370 / Getty Images
    6. Kaptein Jens Petter Stibolt, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    7. Kongelige resolusjoner, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    8. TimOve (CC BY 2.0)
    9. Petter Hebæk (CC BY 2.0)
    10. mroach (CC BY-SA 2.0) / Getty Images
    11. Liftarn (CC BY 2.5) / Getty Images
    12. William Porcher Miles