Noreg i raudt, kvitt og blått!

Kva er det med den fargerike kluten vi har festa på ei stong og vaiar rundt med? Det kan verke litt fjollete – men sanninga er at flagget har ei veldig viktig rolle i historia og at det framleis betyr mykje for oss.

Dame på toppen av et fjell med det norske flagget

Lang historie

Dei første vi kjenner til som brukte flagg, var kinesarane. Det var nesten 2000 år sidan. Det blir sagt at ein mann heldt eit kvitt silkeklede framfor seg for å vise at han hadde grunnlagt eit dynasti, eit mektig rike. Sidan vart kinesiske flagg ofte pryda med fuglar, tigrar og drakar. Bruken av eit tøystykke med bestemte fargar og mønster spreidde seg vidare til India og så til resten av verda.

Det første kinesiske flaget (1889-1912)
Papir bakgrunn

Krigføring

Flagget har frå første stund blitt brukt til å symbolisere leiarskap og erobring. Det viste seg å vere veldig effektivt i krigføring. Flagga fekk sitt eige språk slik at ein kunne kommunisere på lange avstandar. Kongar og mektige krigførarar hadde sine eigne merke på flagga. På slagmarka var det ofte flagget til fienden som var det første som skulle erobrast, for det kunne bety at ein hadde vunne slaget. Når eit land eller eit område vart teke, var det viktig å markere det ved å heise flagget på staden. Å vifte med eit kvitt flagg har i lang tid betydd at ein overgir seg og ber om fred.

Heising av flagget i Iwo Jima, 1945

Kvar nasjon sitt flagg

I Europa fekk flagga stor betydning utover 1700-talet. Verdsdelen var i ei rivande utvikling, og flagget vart ein del av det å byggje identiteten for ulike land. Nasjonalflagget var noko handfast som folket kunne samle seg om. Eit vaiande flagg med den unike kombinasjonen av fargar og mønster var eit tydeleg og lett synleg symbol på landet.

Den franske revolusjon
Papir bakgrunn

Eit sterkt symbol

Eit flagg kan fortelje ganske mykje med få verkemiddel. Det sender ut signal. For at signala skal vere tydelege og nå langt ut, må fargane vere klare og mønsteret enkelt. Derfor er det til dømes sjeldan tekst eller bokstavar på flagg. Eit flagg skal vise kva vi verdset og held høgt, bokstaveleg talt. Det pakistanske flagget er grønt og har ein halvmåne og ei stjerne, der både farge og symbol representerer islam.

Det britiske flagget er forma av tre kors som er lagde oppå kvarandre. Det er symbola til Englands, Skottlands og Irlands kristne skytshelgenar.

Det pakistanske flagget
Papir bakgrunn

Det første norske flagget

Då Noreg vart ein sjølvstendig stat i 1814, hadde landet vårt vore underlagt Danmark i over 400 år. Det danske flagget var det einaste flagget nordmenn kjende til. Men det var eitt nasjonalsymbol som hadde overlevd frå 1500-talet i folks medvit, og det var «Den norske løva».

Dette afrikanske dyret er eit eldgammalt symbol på kongemakt i Europa, men det har røter i Midtausten. Løva er framleis Noregs riksvåpen i dag. Så då fekk den nye nasjonen Noreg eit flagg som var heilt likt det danske, men med ei gul, «norsk løve» øvst i hjørnet.

Det første norske flagget i 1814
Papir bakgrunn

Flagget vårt i dag

Det danske flagget, dannebrog, er forresten blant verdas eldste, med røter heilt tilbake til 1200-talet. Folka i Noreg ønskte etter kvart at den unge nasjonen skulle ha eit eige flagg. Det kom fleire forslag til korleis det nye flagget skulle sjå ut. Både grønt og grått, svart og kvitt vart foreslått. Til slutt vart det vedteke at det skulle vere raudt, kvitt og blått med kors, slik vi kjenner det i dag. Det vart bestemt i 1821. Det betyr at i år, i 2021, har det norske flagget 200-årsjubileum! Hurra! Det er vel verdt å flagge for.

Norges flagg godkjent av Karl Johan i 1821
Papir bakgrunn

Reglar for flagg

Når du held i det norske flagget, kan du ikkje gjere kva som helst med det. Det er visse reglar forbunde med flagget. Du har kanskje allereie lært ein av dei når du har gått i 17. mai-toget. Flagget skal alltid haldast høgt og aldri kome i bakken. Det må behandlast med respekt.

På flaggdagar skal alle offentlege bygningar flagge. Det er til dømes 17. mai og bursdagen til kongen. Og når du har bursdag, er det kanskje det første som skjer at flagget blir heist eller blir sett på balkongen – det er forresten ingen regel, men ein skikk – og eit hyggeleg signal til omverda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Det norske flagget heist

17. mai-flagget

Kva hadde 17. mai-feiringa vore utan flagget – det er jo sjølvaste 17. mai-flagget! Noreg stiller i særklasse når det gjeld å feire nasjonaldagen sin. Få andre land kan måle seg med barnetoga våre – dei fleste andre land fyller gatene med militærparadar på nasjonaldagen. Gater fulle av glade barn som vaiar med flagget vårt, er sjølve symbolet på 17. mai, på oss og identiteten vår som nordmenn.

Det har ikkje alltid vore slik. Å feire denne identiteten var ulovleg under andre verdskrigen. Norske flagg var ulovleg å eige, ein kunne bli arrestert av nazistane og drepen viss ein vart funnen med eit norsk flagg. Då Noreg igjen var eit fritt land i 1945, fekk flagga ei ny og endå sterkare betydning. Du kan tenkje deg dei første 17. mai-toga rundt om i landet etter freden – i Oslo kokte det over av glede!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
17. mai tog, 2016

Kjensler i eit flagg

Dette flagget har folk kjempa for med livet som innsats. Det er så mykje meir enn ein tøybit. Det set i gang kjensler hos oss, som glede, sorg og stoltheit. Flagget representerer oss og sameinar oss. Flagget har ei historie som knyter oss saman, det er forteljinga om Noreg, om eit vi. Overalt i verda kan vi kjenne igjen akkurat denne kombinasjonen av farge og form, som er det norske flagget. Då føler vi oss som heime igjen. Andre menneske frå andre land har det sikkert på same måten med nasjonalflagget sitt.

Norske flagget som flagrer bak en båt

Sjørøvarflagget 

Alle nasjonar i verda har sitt eige flagg. I tillegg finst det eigne flagg for kongar, militære, foreiningar og fotballklubbar. Flagg har endra betydning med tida som har gått. Ein gong var sjørøvarflagget eit frykta symbol ute på havet. Det betydde bråk, og sjømenn visste ikkje om dei kom frå det med livet i behald. No er sjørøvarflagget brukt mest som kostyme på karneval. Og ingen er så redde lenger.

Jolly roger - sjørøverflagg
Papir bakgrunn

Sørstatsflagget

Dette flagget vart brukt av slaveeigarane i sørstatane i USA på 1800-talet. Sidan har det vore knytt til rasisme og har vekt vonde kjensler, særleg for etterkommarane av slavane, det vil seia afroamerikanarane. For dei symboliserer flagget undertrykking og kvit overlegenheit, og bruken av det får mange til å protestere. På den andre sida er mange kvite sørstatsfolk stolte av flagget og meiner det er ein god, gammal amerikansk tradisjon.

Etter mange demonstrasjonar har fleire delstatar innsett at sørstatsflagget er ei sterk fornærming mot afroamerikanarar, og dei har dermed fjerna det som offentleg flagg. Slik ser vi korleis flaggbruk må justerast i takt med at verda går framover.

Sørstatsflagget
Papir bakgrunn

Kjelder:

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Sodacan / Getty Images
    3. Joe Rosenthal / GuessIt – YouTube
    4. Eugène Delacroix / Getty Images
    5. Zscout370 / Getty Images
    6. Kaptein Jens Petter Stibolt, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    7. Kongelige resolusjoner, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    8. TimOve (CC BY 2.0)
    9. Petter Hebæk (CC BY 2.0)
    10. mroach (CC BY-SA 2.0) / Getty Images
    11. Liftarn (CC BY 2.5) / Getty Images
    12. William Porcher Miles