Noregs største oppfinningar

Vi bruker norske oppfinningar kvar dag. Anten det er ein ostehøvel, ein Tripp-trapp stol eller ein panteautomat på butikken. Andre norske oppfinningar er nok meir ukjende. Kanskje du får nokre smarte idear til nye oppfinningar når du les denne artikkelen?

Accessibility icon Noregs største oppfinningar

Verdsmeistrar i panting

Visste du at nordmenn er verdsmeistrar i panting? Det er kanskje fordi vi fann opp panteordninga.

pant av flaske i pantemaskin
pant av flaske i pantemaskin

Er bindersen norsk?

Ein tradisjonell myte i Noreg er at bindersen, slik vi kjenner han i dag, er ei norsk oppfinning. Det er han faktisk ikkje!

Binderser på mørk bakgrunn.
Binderser på mørk bakgrunn.

Papirklemme

Nordmannen Johan Vaaler fekk patent  på verdas første papirklemme (ein type binders) i Tyskland og USA i 1901. Han kunne søkt patent i Noreg òg, men trudde ikkje på nokon suksess heime. Han ønskte først og fremst internasjonal anerkjenning. Oppfinninga vart derimot aldri sett i produksjon. Den fungerte mykje dårlegare enn varianten vi kjenner i dag, som vart marknadsført allereie i 1892. Men oppfinnaren tok utruleg nok ikkje patent på papirklemma. Han kunne jo vorte ein av dei rikaste mennene i verda, viss han hadde gjort det!

Johan Vaaler patent papirklemme
Johan Vaaler patent papirklemme

Viktige oppfinningar frå Noreg

Noreg har stått for fleire store og viktige oppfinningar. Mange av desse handlar om ny teknologi for å hente opp olje frå Nordsjøen, men det har òg komme fleire andre store oppfinningar gjennom tidene, som du kanskje bruker kvar dag.

Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.

Kva er eit patent?

For å unngå at nokon stel oppfinninga di, er det viktig å vite kva eit patent er. Eit patent er eit dokument som viser at det er du eller selskapet du jobbar for, som eig oppfinninga.

Ingen andre kan produsere eller selje oppfinninga utan at eigaren av patentet gir godkjenning eller inngår ein avtale.

For å få patent på noko, må du søkje patentstyret i Noreg. Viss du ønskjer at patentet skal dekkje meir enn berre Noreg, er dette ein mykje større og meir kostbar prosess. Likevel er det mange som tek patent på ei stor oppfinning i mange land for å hindre at nokon kopierer eller tener pengar på oppfinninga.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
brainstorming, møte om patenter
brainstorming, møte om patenter

Bli med på ei historisk reise med nokre av dei mest suksessrike norske oppfinningane!

 

Men tenk og litt over kor mange mislykka oppfinningar som har vore prøvde ut! 

En ubrukelig saks med kniver i begge ender
En ubrukelig saks med kniver i begge ender

1902: Panteordning for flasker

Ordninga gjaldt ølflasker. Panten var på cirka 6 øre per flaske. Etter kvart vart det pant på brusflasker, brusboksar og saftflasker i plast. Dei siste åra har det òg vore mogleg å få pant på utvalde vinflasker frå Vinmonopolet. Under pandemien i 2020 sette nordmenn ny panterekord: 95 prosent av alle flasker og boksar vart panta.

800 millionar boksar og 585 millionar flasker vart panta i Noreg i 2020. 11 600 tonn aluminium, 20 800 tonn plastflasker og 1600 tonn plastsekkar gjekk tilbake til resirkulering, takka vere panteordninga som starta i 1902.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

1904: Kunstgjødsel

Fysikkprofessor Kristian Birkeland jobba saman med finansmannen Sam Eyde for å lage ein elektrisk omn som henta nitrogen frå lufta for å lage salpetersyre og kalksalpeter. Dette er viktige ingrediensar i kunstgjødsel.

Oppfinninga har revolusjonert måten vi dyrkar mat på. Kunstgjødsel inneheld berre den næringa plantane treng, og ikkje så mykje avfallsstoff som finst i husdyrgjødsel og kompost. Ulempa er at næringsstoffa i kunstgjødsel lett blir vaska bort ved mykje nedbør.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kristian Birkeland studerer stråling fra solen i sitt «verdensrom», som han bygget omkring år 1900 til eksperimenter omkring nordlysteorien
Kristian Birkeland studerer stråling fra solen i sitt «verdensrom», som han bygget omkring år 1900 til eksperimenter omkring nordlysteorien

1923: Gassturbinen

Jens William Ægidius Elling fann opp gassturbinen. Ellings gassturbin inneheldt nyvinningar som framleis blir brukte i dag, og bestod av både ein kompressor og ein turbin. Turbinar er roterande motorar som mellom anna blir brukte på fly.

Den aller første gassturbinen.
Den aller første gassturbinen.

1925: Ostehøvelen

Thor Bjørklund fekk patent på ostehøvelen i 1925, og i 1927 starta Thor Bjørklund og Søner AS den første ostehøvelfabrikken i verda på Lillehammer.

Firmaet heiter i dag berre Bjørklund. Dei har sidan starten laga over 50 millionar ostehøvlar som blir brukte over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Produksjon av ostehøvler fra Bjørklund
Produksjon av ostehøvler fra Bjørklund

1928: Skibindingen Rottefella

Bror With skulle delta i eit stort skirenn, men var ikkje fornøgd med bindingane sine. Frustrasjonen førte til at han kom opp med ideen som vart til Rottefella skibinding. Etter fleire sigrar under olympiaden i St. Moritz i 1928 vart bindingane raskt ein standard for langrenn som skulle vare i over 50 år.

Bror With oppfant rottefella skibindinger

1929: Sprayboksen

Erik Rotheim fann opp sprayboksen. Problemet med sprayboksen – eller aerosolboksen – var at dysa der sprayen kom ut, ofte vart tett. Det vart for kostbart å vidareutvikle dysa, så sprayboksen vart aldri nokon kommersiell suksess medan Rotheim levde. Det var ikkje før i USA i 1940-åra at oppfinninga møtte massemarknaden etter at patentet vart selt til eit amerikansk selskap.

Erik Rotheim sin patent sammen med aerosolboksen eller sprayboksen som den heter i dag.
Erik Rotheim sin patent sammen med aerosolboksen eller sprayboksen som den heter i dag.

1953: Bergans beremeis

Ole F. Bergan fann opp ryggsekken med meis i 1909. Beremeisen av metallrøyr gjorde det meir komfortabelt å bere sekk.

Mange år seinare fann han opp ein beremeis for barn. Barnet vart plassert sitjande i eit stativ den vaksne bar på ryggen som ein sekk. Beremeisen var sett saman med jernrøyr og reimar av lêr med eit sete i tre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bæremeis fra 1953
Bæremeis fra 1953

1957: Pandrol E-clip

Per Devold Pande-Rolfsen fann opp ein måte å feste jernbanesviller på sviller av betong. Han kalla det Pandrol E-clip. Noregs Statsbaner var ikkje interessert i oppfinninga, men Pande-Rolfsen fekk patent i USA og produsentar i England, og dessutan ein avtale om eitt øre for kvar festemekanisme. Dette gjorde han til mangemillionær.

Patenttegning av pandrolen
Pandrol for å feste jerbanesviller til sviller i betong
Pandrol for å feste jerbanesviller til sviller i betong

1969: Stretch-sokkar

Olaf Andreas Devold i tekstilbedrifta OA Devolds Søner AS (i dag berre Devold) fann i 1969 ut ein måte å sy strikk inn i garn på, slik at stoffet vart elastisk. På denne måten vart Devold dei første i verda til å kunne tilby stretch i sokkar.

Devold patent på å sy strikk inn i stoff
Papirtekstur, gammelt papir
Papirtekstur, gammelt papir

Tidlegare måtte alle klesbutikkar selje sokkar i spesifikke storleikar, men med den nye oppfinninga kunne ein sokk passe langt fleire. Oppfinninga vart ein hit, og Devold hadde patent i over 20 land. I hovudsak vart det produsert sokkar og ullsokkar, men også noko møbelstoff. I 1969 hadde OA Devolds Søner AS ein produksjon på 250 000 sokkepar i året. Du kan jo prøve å finne ut kor mange sokkar dei har selt fram til 2022.

Devold ullsokk
Papirtekstur, gammelt papir
Papirtekstur, gammelt papir

1967: Lakkeringsrobot

Dagens eigedoms- og finansselskap Trallfa, den gong Trallfa Robot, utvikla i si tid lakkeringsroboten «Ole». Han hadde ein bevegeleg arm som kunne spraye jamt og raskt. Oppfinninga var med på å revolusjonere internasjonal lakkeringsindustri.

Trafalla lakkeringsrobot Ole
Trafalla lakkeringsrobot Ole

1972: Tripp Trapp-stolen

Peter Opsvik frå møbelprodusenten Stokke AS fann opp ein stol som kunne justerast i takt med at barnet vaks. Opsvik vart inspirert då han såg den to år gamle sonen sin ikkje nå opp til bordet då han sat på ein vanleg stol.

I april 2022 hadde fabrikken selt over 13 millionar Tripp Trapp-stolar sidan lanseringa i 1972. I 2017 vart stolen kåra til tidenes beste norske design i ei open avstemming, og stolen er utstilt på fleire museum rundt om i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tripp trapp stolen fra stokke, som vokser i takt med barnet.
Tripp trapp stolen fra stokke, som vokser i takt med barnet.

1980-tallet: Oljeteknologi

Nesten alle store nyvinningar frå Noreg på 80-talet handla om oljeutvinning og teknologi for å takle dei tøffe forholda i Nordsjøen. Mange oppfinningar løyste utfordringar både på havbotnen og på oljeplattformene.

1987: GSM-nettet

Meir enn 85 prosent av alle mobiltelefonar i dag bruker GSM-standarden, eller «Global System for Mobile Communication». GSM er teknologien mobiltelefonane bruker for å kommunisere.

For å kunne snakke med personen du ønskjer, sender mobilen radiosignal til den næraste basestasjonen i området ditt, som tek signala vidare til den næraste basestasjonen til mottakaren og over til mobilen. GSM er derfor eit nettverk for tovegs digital stemmeoverføring. Det var Torleiv Maseng som fann opp dette systemet.

Same året som teknologien vart lansert, forplikta 15 europeiske land seg til å bruke systemet. USA og resten av verda kom snart etter. Det var derimot sett av for lite pengar i Noreg, og teknologien enda opp hos svenske Ericsson og finske Nokia i staden.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Maseng blir intervjuet av aftenposten.
Maseng blir intervjuet av aftenposten.

2005: Båtar med X-BOW-design

Ulstein Design & Solutions designa ein baug som vende innover. Designet vart anerkjent som “årets ingeniørbragd” same året.

Den innovervendte baugen fører til ei meir behageleg reise for dei tilsette og mindre drivstoffbruk i møte med bølgjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ulike typer Ulstein X-bow
Ulike typer Ulstein X-bow

2012: Verdas minste drone

Petter Muren og Prox Dynamics utvikla Black Hornet – den minste dronen i verda, med ei vekt på berre 18,5 gram!

I løpet av få år selde Prox Dynamics tusenvis av desse dronane til forsvarsmarknaden, og dessutan til politiet og statlege tryggingsorganisasjonar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verdens minst drone - Black hornet
Verdens minst drone - Black hornet

Noregs patentkonge

Personen med flest gjeldande patent i Noreg er Per Olav Haughom. Han er Noregs patentkonge med 39 patent. Hadde han late patenta liggje i skuffa, hadde dei hatt liten verdi. Mange av Haughom sine patent blir brukte i oljeindustrien og til grave- og tunnelutstyr.

Per Olav Haughom, oppfinner.
Per Olav Haughom, oppfinner.

Er du ein oppfinnar?

Om du har ein idé til ei oppfinning, er det mange vegar du kan ta for å realisere oppfinninga di. Kanskje du blir skaparen av den neste store norske oppfinninga?

Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.

Kjelder:

  • Brekke Rabben, Magne; Arntzen, Jon Gunnar: Erik Rotheim i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. juni 2022 frå https://snl.no/Erik_Rotheim
  • Devold Tekstilmuseum (28.04.2022)
    📞 Samtale med Ole Andreas Devold (ekspert ved museet)
  • Kiran, Ketil; Linder, Mats: Tripp Trapp i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9. juni 2022 frå https://snl.no/Tripp_Trapp
  • Stokke AS (04.04.2022) Salgstall for Tripp Trapp, april 2022
    📞 Samtale med Camilla Istre (Marketing Manager Nordics)
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Infinitum.no / Katrine Lunke
    2. Getty Images
    3. Unsplash.com / Johan Vaaler
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Unsplash.com
    7. Getty Images
    8. Ukjent / Norsk Teknisk Museum
    9. Norsk Teknisk Museum
    10. Bjorklund1925.no
    11. Riksarkivet (National Archives of Norway)
    12. Agricultural Research Service / Erik Rotheim
    13. Gudbrandsdalsmusea
    14. Getty Images / Per Devold Pande-Rolfsen
    15. Olaf Andreas Devold
    16. Devold.no
    17. Trallfa.no
    18. Stokke, Design: Peter Opsvik
    19. Getty Images
    20. Forsvarets forskningsinstitutt
    21. Ulstein.com
    22. Forsvaret
    23. Eirik Helland Urke
    24. Getty Images