Be han halde kjeft, vel?!

Helin, Amrit og Fariba prøver å finne seg sjølve og vegen i kvar si verd sterkt prega av to ulike kulturar.

Fellesnemnaren for alle er behovet for å vere “norske nok”, samtidig som tilhøyrsla til eigen etnisitet og kulturen til foreldra er essensiell for identiteten.

I denne refleksjonsartikkelen om NRK-serien Norsk-ish skal vi sjå nærare på ei scene frå episode 3 i sesong 1.

Utsiden av en bar i Oslo, det er et skilt der det står Glassi i en logo som skal forestille et stort glass
Utsiden av en bar i Oslo, det er et skilt der det står Glassi i en logo som skal forestille et stort glass

Tina ser ikkje fargar, ho ser berre menneske

Fariba, som er andregenerasjons innvandrar frå Iran, har krangla med faren sin og ventilerer med vennene sine om kvelden. Tina, kjærasten til Amrit, stiller seg uforståande til korleis Fariba gidd å ta imot så mykje kjeft frå faren sin. Alt dette pratet om eib! Det er vel berre for henne å be han halde kjeft?

Inne på baren Glassi, sitter Fariba og snakker engasjert til vennene sine. Hun ser frustrert ut. Ved siden av henne sitter Helin og følger med. Tina kan så vidt sees i forgrunnen, men er ikke i fokus. Det står tre glass med drikke på bordet foran dem
Inne på baren Glassi, sitter Fariba og snakker engasjert til vennene sine. Hun ser frustrert ut. Ved siden av henne sitter Helin og følger med. Tina kan så vidt sees i forgrunnen, men er ikke i fokus. Det står tre glass med drikke på bordet foran dem

Kva er eib?

På Glassi diskuterer vennegjengen aktivt eib, og betydninga av dette for fleire av dei. Eib refererer til kulturelt etablerte verdiar, normer og forventingar som regulerer relasjonar internt i familien: korleis ein oppfører seg for å halde oppe harmoni og respekt. I kulturar med eit sterkt fokus på eib, kan det derfor vere mindre rom for å vere direkte og open i kommunikasjonen med foreldra.

Kvifor er det så feil?

Tina blir møtt med vantru når ho introduserer ideen om å be faren halde kjeft. For henne er det nok utenkjeleg å la eigen far snakke til henne slik faren snakka til Fariba.

Det kan vere utfordrande å balansere ulike forventingar til familieforhold, spesielt viss ein veks opp i ein kultur som har eit anna syn på dette enn den kulturen ein sjølv tilhøyrer. Det kan hende at ein føler seg pressa til å tilpasse seg forventingane i omgivnadene, samtidig som ein prøver å respektere sin eigen familiekultur.

Denne ubalansen kan føre til mykje uvisse, og følgjeleg både skuld, skam og usemje.

Viss ein kjenner på slik usemje og skam, kan det vere lurt å snakke med nokon ein stoler på eller søkje støtte frå ein profesjonell for å handtere dette på ein god måte.

Når det er sagt, er det sjølvsagt òg viktig å merke seg at det kan vere variasjonar internt i kulturen. Nokre familiar kan ha meir liberale haldningar enn andre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Nærbilde av Tina som snakker
Nærbilde av Tina som snakker

«Norsk-ish» er ein TV-serie produsert av NRK. Klippa frå TV-serien er publiserte på Skolerom med løyve frå NRK.

Serieskapar og manusforfattar: Melike Leblebicioğlu og Bahareh Badavi
Regissør: Terje Rangnes