Teknologi som kan redde planeten vår 

Bruken vår av kol, olje og gass har gjort stor skade på jorda, og problema blir stadig verre. Økoteknologi, som også blir kalla grøn teknologi, kan hjelpe oss til å snu denne utviklinga.

Transport 

Grøn teknologi kan gjere at vi framleis kan køyre bil, utan å bruke diesel eller bensin. Det kan vere at vi kan ta i bruk hydrogen i staden, og elektriske bilar blir også stadig meir populære.

Brenselcellebilar

Bilar som har brenselcelle, er elektriske, men har ikkje batteri. I staden kan vi fylle dei med hydrogen på ein fyllestasjon, og hydrogenet kan blande seg med oksygen frå lufta for å lage elektrisiteten som driv motoren. Det beste med hydrogenbilar er at det einaste som kjem ut av eksosrøyret, er vassdamp.

Men det er problem med slike bilar også. Nesten alt hydrogenet som blir laga i USA, kjem frå naturgass som er eit fossilt brensel. Hydrogen er også eit farleg stoff, fordi det har lett for å eksplodere. Det er altså ikkje enkelt å sikre at hydrogenet er trygt når bilen bevegar seg i høg fart bortover vegen.

Sjølv om bruk av hydrogen byr på ein del problem, kan bilane likevel fungere veldig bra i framtida. Det blir bygd stadig fleire fyllestasjonar for hydrogen rundt om i Europa. Håpet er at det skal gjere det lettare å køyre bil med brenselcelle framover.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Elbilar  

Elbilar blir stadig meir populære. Salet har teke heilt av! Nokre meiner at det innen 2040 kjem til å bli selt 400 millionar nye elbilar.

Noreg viser veg 

I Noreg er elbilar spesielt populære, og det ser ut til at stadig fleire vel el og hybrid i staden for bensin og diesel når dei skal kjøpe ny bil. Nesten halvparten av alle bilar som vart selde i Noreg i 2019, var miljøvennlege bilar. Men også andre måtar å reise på blir meir miljøvennlege. Stadig fleire tog rundt om i verda blir elektriske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Historia til elbilen

Kraft 

Vi treng også meir miljøvennleg straum til husa våre.

Fornybar energi 

Jorda inneheld enormt mykje energi, og det er bra om vi kan klare å bruke meir av han.

Vindkraft  

Vindmøller leverer i dag 3,7 prosent av elektrisiteten på jorda, og det blir bygd stadig fleire.  Det blir også satsa stort på å byggje vindmøller på sjøen.

Tidevasskraft  

Tidevatnet kjem og går to gongar i døgnet, og det inneheld mykje energi. Denne energien har vore vanskeleg å utnytte, men ny teknologi har gjort det lettare. Ei undersøking frå 2001 viser at tidevatnet ved kysten av USA kan gi over 450 gigawatt med straum. Det er ein fjerdedel av all straumen som trengst.  

Kraft frå jordvarme 

Å bu ved ein vulkan kan by på utfordringar, spesielt når det skjer utbrot. Men land som Island og Japan bruker desse varmekjeldene til å lage elektrisitet. Geotermisk kraft er miljøvennleg, billig og påliteleg. Det fungerer ved at ein pumpar vatn ned under jorda, og der gjer varmen frå jorda at vatnet blir til damp. Denne dampen driv ein turbin som lagar straum.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva er fornybar energi? 

Heimeløysingar

Å lage straum heime er ikkje berre effektivt – du kan spare pengar på det også. 

Mikrogenerering 

Systemet vi har no, med gigantiske kraftverk og eit straumnett som dekkjer heile landet, er mindre effektivt enn det ein kallar eit mikrogenereringssystem. I eit slikt system lagar vi alle noko av vår eigen straum der vi bur.

Solkraft 

I California, Spania og Japan er solkraft allereie billigare enn straum frå straumnettet gjennom store delar av året. I Europa og Kina prøver ein også å leggje til rette for meir bruk av solkraft. Nokre selskap har utvikla ein spesiell type glas som kan samle solenergi. Dette kan brukast som vindauge og takvindauge eller til og med som fortau. Solkraft passar godt til å varme opp og kjøle ned huset du bur i. Strålane til sola kan brukast til å varme opp vatn, mens varmepumper som blir drivne av sola, kan gjere lufta i huset kaldare. 

Geotermisk varmepumpe 

Liknande teknologi kan brukast til å hente varme frå bakken. Temperaturen under bakken held seg mellom 7 og 24 grader året rundt. Om vinteren kan ein trekkje opp varme, og om sommeren kan varmen sendast ned. Systema er dyre å montere, men du vil spare mange tusen kroner på straumrekninga over tid.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjernekraft 

Kjernekraft eller atomkraft har hatt eit litt dårleg rykte. Fisjons­kraftverk, der atom av uran eller plutonium blir delte opp, gir mykje energi nesten utan utslepp. Men dei er dyre å byggje og fører til farleg avfall. Skjer det ei ulukke, kan det også få alvorlege følgjer.

Thoriumreaktorer  

Men det finst ein annan type kjernekraft som ikkje har noko av desse problema, nemleg thoriumreaktorar. Desse er enklare å drive og har vore moglege å byggje i fleire tiår. Likevel har ein satsa meir på fisjon fordi den teknologien også kan brukast til å lage atombomber, men no har fleire land begynt å teste ut denne typen reaktorar.

Kjernefysisk fusjon  

Den aller beste typen kjernekraft er likevel kjernefysisk fusjon. Mens tradisjonell kjernekraft gir oss energi ved å dele opp atom, smeltar fusjon dei saman, på same måten som i sola. Sjølv om ein gjer små framskritt, er det ingen som har greidd å få til dette på ein måte som skapar meir energi enn det som trengst for å starte og drive fusjonen. Viss vi greier å løyse denne gåta, kan vi få tilgang til meir rein, grøn energi enn vi nokon gong kjem til å få bruk for.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kogenerasjon og fjernvarme  

Mange byar og kommunar i dei nordiske landa brenner søppel for å få varme og straum. Dette er Sverige veldig gode på, og dei kjøper til og med søppel frå nabolanda for å drive varme- og kraftanlegga sine. Nokre av desse anlegga er meir effektive enn tradisjonelle kraftverk.

Dette fungerer i både store og små system. Store nettverk av varmtvannsrøyr kan varme opp heile byar, mens mindre system kan varme opp ein bygning og gi elektrisitet.  

Dampsystemet i New York i USA blir brukte til å varme opp 100 000 hus. Nokre få andre amerikanske byar har planlagt å installere liknande system.

Kva er fornybar energi? 

Kjelder:

  • Den vitenskapelige guiden til jordens framtid (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. iStock
    4. Getty Images
    5. NRK
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Beyond My Ken (CC BY-SA 4.0)
    13. NRK