Teknologi som kan redde planeten vår 

Etter nesten 200 år med forbruk av fossilt brensel begynner vi no å sjå skadeverknadene på jorda. Økoteknologi – såkalla grøn teknologi – kan by på løysingar som kan bremse eller snu denne tendensen, og styre oss vekk frå bruken av kol, olje og naturgass. 

Transport 

Grøn teknologi skal sørgje for at vi framleis kan køyre, sjølv når vi må gi opp diesel. Drivstoffet som driv sola, hydrogen, kan vere eit brukbart alternativ til bensin. Elektriske bilar, som har blitt sett på sidelinja i over hundre år, er no tilbake igjen.

Brenselcellebilar

Bilar utstyrte med brenselcelle er elektriske, men har ikkje batteri. Istaden kan ein fylle hydrogen på dei, som så kan blandast med oksygen i lufta for å produsere elektrisiteten som driv motoren. Fordelen med hydrogenbilar er at det einaste som kjem ut av eksosrøret, er vassdamp.

Men det er ulemper også. Rundt 95 prosent av amerikansk hydrogen er laga av naturgass, som er eit fossilt brensel. Reinare metodar er ikkje i nærleiken av å vere like effektive. Hydrogen er også ein farleg substans, som ulukka med luftskipet «Hindenburg» var eit godt døme på. Det er ikkje enkelt å sørgje for at hydrogenet er trygt i ein metallbehaldar som bevegar seg i 130 kilometer i timen bortover vegen.

All teknologi har si begrensing, men likevel er potensialet til brenselcellebilar stort. Ein korridor med hydrogenfyllestasjonar blir bygd gjennom Europa, for å bane veg for ei framtid med brenselcellebilar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Elbilar  

Elbilar blir stadig meir populære. Frå 2014 til 2015 auka det globale salet med 60 prosent, og Bloomberg har spådd at det innan 2040 kjem til å vere selt 400 millionar nye elbilar.  

Potensiell CO2-reduksjon innan 2050

Noreg viser veg 

Noreg er eit av dei leiande landa når det gjeld elbil, og tendensen viser at folk vel el og hybrid framfor bensin- og dieseldrivne bilar når dei skal fornye bilparken. Over 42,4 prosent av alle selde bilar i Noreg i 2019 var nullutsleppsbilar. Men også andre framkomstmiddel er på veg mot ein meir miljøvennlig profil. Stadig fleire jernbanestrekningar rundt om i verda blir elektrifiserte. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Historia til elbilen

Kraft 

Vi treng fleire heimar, men vi treng også meir miljøvennlege måtar å drive dei på.  

Fornybar energi 

Den potensielle energien til jorda er enorm. Å utnytte så mykje av han som mogleg kan vere ei løysing. 

Vindkraft  

Vindfarmar står i dag for 3,7 prosent av elektrisiteten på jorda. Det blir investert stadig meir i vindfarmar til sjøs. I 2016 vart det investert rundt 24 milliardar euro, 40 prosent meir enn året før.  

Tidevasskraft  

Tidevatnet er endå meir føreseieleg enn vinden. Historisk sett har få stader eigna seg for tidevasskraft, men forbetringar i turbinteknologien har gjort fleire stader aktuelle. Ifølgje ei undersøking frå 2001, utført av World Energy Council, er potensialet i tidevatnet ved kysten av USA over 450 gigawatt, og det kan levere opptil 25 prosent av det totale behovet.  

Geotermisk kraft 

Å vere busett ved ein vulkan kan by på utfordringar, spesielt under utbrot. Men land som Island og Japan bruker desse varmekjeldene til å generere kraft. Geotermisk kraft er miljøvennleg, billig og påliteleg, og fungerer ved at ein pumpar vatn under overflata, der dei høge temperaturane gjer vatnet om til damp. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva er fornybar energi? 

Heimeløysingar 

Å generere straum i din eigen heim er ikkje berre effektivt, du kan spare pengar på det også. 

Mikrogenerering 

Det eksisterande systemet med nasjonale nettverk og gigantiske, sentraliserte kraftverk er mindre effektivt enn eit mikrogenereringssystem, der vi alle genererer noko av vår eigen straum og betalar for forskjellen mellom det vi skaper sjølv og det vi bruker.  

Solkraft 

I California, Spania og Japan er solkraft allereie billigare enn nettstraum store delar av året. I Europa og Kina er det sett i gang finansieringsløysingar for i større grad å begynne å nytte seg av solkraft. Nokre selskap har utvikla fotovoltaisk glas som kan brukast som vindauge og takvindauge – eller til og med som fortau. Solkraft er ideelt for å varme opp og kjøle ned huset du bur i. Strålane til sola kan brukast til å varme opp vatn, mens soldrivne varmepumper kan levere kjøleløysingar. 

Geotermisk varmepumpe 

Tilsvarande teknologi kan brukast til å hente varme frå bakken. Temperaturen under overflata held seg mellom 7 °C og 24 °C året rundt. Om vinteren kan ein trekkje opp varme, og om sommaren kan varmen sendast ned. Systema er dyre å montere, men du vil spare mange tusenlappar på straumrekninga i det lange løp. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjernekraft 

Kjernekraft har hatt eit litt dårleg rykte. Fisjons­kraftverk, der atom av uran eller plutonium blir spalta, produserer store energimengder med så godt som null karbonutslepp. Men dei er dyre å byggje og produserer farlege avfallsprodukt, og av og til smeltar dei, med katastrofale konsekvensar.

Thoriumreaktorer  

Men det finst ein annan type kjernekraft som ikkje har nokon av desse ulempene. Thoriumreaktorar er enklare i drift, og har vore moglege i fleire tiår. Teknologien vart skubba til side under den kalde krigen, ettersom han ikkje kan brukast til å produsere materiala som trengs til atomvåpen. Men fleire land har no begynt å byggje prøvereaktorar 

Kjernefysisk fusjon  

Men den heilage gralen for energiproduksjon er kjernefysisk fusjon. Mens tradisjonell kjernekraft skaper energi ved å spalte atom, smeltar fusjon dei saman, på same måten som i sola. Sjølv om ein gjer små framskritt, er det ingen som har greidd den endelege utfordringa, som er å skape meir energi enn det som krevst for å starte og oppretthalde fusjonen. Viss dei greier å løyse denne gåta, kan vi få tilgang til meir rein, grøn energi enn vi nokon gong kjem til å få bruk for. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kogenerasjon og fjernvarme  

Mange byar og kommunar i dei nordiske landa brenner søppel for å få varme og straum. Med dette systemet har Sverige greidd å oppnå ei attvinningsgrad på 99 prosent, dei kjøper til og med søppel fra nabolanda for å drive dei kombinerte varme- og kraftanlegga sine. I nokre tilfelle har desse anlegga 80 prosent effektivitet, som betyr at mindre drivstoff kan konsumerast for å produsere den same mengda nyttig energi som i tradisjonelle kraftverk. 

Det fungerer på fleire skalaer også, frå forbrenningsomnar forbunde med store nettverk av varmtvannsrøyr som varmar opp heile byar, til mindre system som varmar opp ein bygning og gir elektrisitet.  

Dampsystemet på Manhattan blir brukt til å varme opp 100 000 hus, og nokre få andre amerikanske byar har planlagt å installere tilsvarande system.  

Potensiell CO2-reduksjon i energiproduksjon innen 2050

Foto: By Beyond My Ken

Kva er fornybar energi? 

Kjelder:

  • Den vitenskapelige guiden til jordens framtid (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. iStock
    4. Getty Images
    5. NRK
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Ukjent
    13. NRK