
Korleis utviklar tenåringshjernen seg i puberteten?
I puberteten blir hjernen programmert om for å bli raskare og meir effektiv, litt som når ein gammel datamaskin blir oppgradert til ein superkraftig gaming-laptop.
Gamle, unyttige filer (minne) blir fjerna, og vegane mellom dei forskjellige hjernecellene blir betre og raskare. Alt dette skjer for at hjernen skal bli meir effektiv!



Humørsvingingar
Du kjenner deg sikkert igjen. I den eine augneblinken dansar du rundt på rosa skyer, i den neste er du skikkeleg deppa. Eller du blir sint, og korkje du eller dei rundt deg forstår kvifor. Spennande og mystisk, men mest rart. Det er som om nokon skrur av lyset på kontrollsenteret.
La oss sjå korleis Siggy opplever humørsvingingar på PubertetsCamp:
https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/7/avspiller

Ikke berre sinne
Det plutselege raseriet kan gå over i andre sterke kjensler som tristheit, skam og frykt. Hugs at det går over. Det beste er å puste med magen og finne på noko du likar å gjere.

Berg-og-dal-bane
Det er slitsamt når kjenslene er som ein berg-og-dal-bane, men det blir betre når hjernen venner seg til nye banar mellom nervecellene.
Viss kjenslene tar overhand og du sårar nokon, bør du seie unnskyld og prøve å unngå å gjere det igjen … Vi kan alle gjere feil.

Sårbar fase
Når fornufta er tidvis ute av drift, og belønningssenteret i hjernen går litt på autopilot, kan det vere farleg for resten av kroppen.
I belønningssenteret blir det laga dopamin når ein gjer noko gøy eller spennande, og ein opplever ein slags lykkerus. Tenårings- hjernen blir lettare avhengig av både TikTok, Pepsi Max og ulike rusmiddel, for ungdommar får dette kicket lettare enn vaksne.
Derfor tør ungdommar å ta større sjansar enn vaksne, men det er ikkje alltid like lurt.
Nok søvn?
Ein tenåringshjerne under ombygging treng mykje søvn, for oppgraderinga skjer mens du søv. Eigentleg treng du opp mot 10 timar søvn kvar natt!
Forsking viser at ungdommar blir B-menneske. Dei er lenge vakne om kvelden og søv gjerne til langt på dag. Studiar viser òg at det er best for ungdom viss skulen startar mellom 8.30 og 9.00.

Den nye superhjernen din
Den nye hjernen din har superkrefter. Frå du blei fødd, har hjernen laga nye koplingar mellom hjernecellene kvar gong du lærte noko nytt. I barndommen blei det veldig mange nye koplingar, og i puberteten trengst det ei oppryding.
Gamle, unyttige koplingar blir fjerna, og viktige koplingar blir forsterka. Derfor lærer du ekstra fort i puberteten.
Tenk på kor fort du lærer nye ting på telefonen, mens foreldra dine må prøve mange gonger før dei hugsar det.
Kjelder:
Rådet for psykisk helse: Ungdommers adferd og hjerneutvikling
https://psykiskhelse.no/psykiskoppvekst/psykens-byggesteiner/ungdommers-atferd-og-hjerneutvikling/
https://ung.forskning.no/hjernen/hjernen-til-en-tenaring-har-et-sug-etter-belonning/1849583
https://www.helse-bergen.no/494c20/siteassets/seksjon/sovno/documents/1-22-sovn-hos-ungdom.pdf