Frå barn til vaksen

Stemma, puppane, penis, pungen, ja, sjølv hjernen endrar seg når du kjem i puberteten.

Alle veit at tenåringar får meir lukt, kviser og hår. Men hjernen endrar seg òg, og derfor får du humørsvingingar og nye kjensler du aldri har kjent på før.

Hormon gjer at kroppen endrar seg, og det gjer tankane, kjenslene og humøret òg. Alle har det slik, men somme merkar det meir enn andre. 

Viss du lærer meir om det som skjer, er det ofte lettare å takle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis utviklar tenåringshjernen seg i puberteten?

I puberteten blir hjernen programmert om, litt som når ein gammel datamaskin blir oppgradert til ein superkraftig gaming-laptop. 

Unyttige filer (minne) blir fjerna, og vegane mellom hjernecellene blir raskare, slik at hjernen blir meir effektiv!

Hjernen får ein ny sjef

Hjernen har tre hovuddelar som utviklar seg i ulik fart. Først endrar den delen som styrer sansar og bevegelse seg. Etterpå endrar den delen som styrer kjenslene dine seg. 

Det er derfor humøret svingar slik i puberteten, og det kan vere litt vanskeleg.

Frontallappen er den delen av hjernen som hjelper deg å planleggje og å ta lure avgjersler, og han blir modna sist. 

Det er frontallappen som får deg til å leggje bort telefonen når du skal sove, eller gjere leksene dine i tide.  

Frontallappen er ferdig utvikla når du er 20 – 25 år, så du må vere tolmodig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kven er den nye sjefen?

Frontallappen er sjølve kontrollsenteret i hjernen. Det er her fornufta vår sit.

Kontrollsenteret bestemmer over den kjenslevare hjernen, amygdala. 

Vi menneske kan trene opp hjernen til å la fornufta, altså frontallappen, styre over kjenslene våre. 

Hjernen gir beskjed om å setje fri hormon som veksthormon, kjønnshormon og stresshormon i blodet når det trengst. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Humørsvingingar

Du kjenner deg sikkert igjen. Først svevar du på rosa skyer, så blir du skikkeleg deppa eller sint utan at du forstår kvifor. Spennande og litt rart. Det er som om kontrollsenteret ikkje verkar ordentleg.

La oss sjå korleis Siggy opplever humørsvingingar på PubertetsCamp:

https://tv.nrk.no/serie/pubertetscamp/sesong/1/episode/7/avspiller

Ikke berre sinne

Det plutselege raseriet kan gå over i andre kjensler som tristheit, skam og frykt. Hugs at det går over. Prøv å puste djupt, og gjer ting du likar.

Berg-og-dal-bane

Det er slitsamt når kjenslene er som ein berg-og-dal-bane, men det blir betre når hjernen er ferdig utvikla. 

Sei unnskyld viss kjenslene tar overhand og du sårar nokon. Hugs at alle kan gjere feil.

Sårbar fase

Når fornufta er tidvis ute av drift, kan belønningssenteret ha ein liten fest. Dette kan vere litt skummelt.

Belønningssenteret lagar dopamin når ein gjer noko gøy eller spennande, og det kjennest som ein slags lykkerus. Det er derfor tenåringar lettare blir avhengige av både TikTok, Pepsi Max og ulike rusmiddel. 

Det er òg derfor ungdommar ofte tør å ta større sjansar enn vaksne, men det er ikkje alltid så lurt.

Nok søvn?

Når hjernen blir oppgradert, treng du mykje søvn. Helst 10 timar søvn kvar natt!

Forsking viser at ungdommar helst er lenge vakne om kvelden og gjerne søv til langt på dag. Studiar viser òg at det er best for ungdom viss skulen startar mellom 8.30 og 9.00.

Den nye superhjernen din

Frå du blei fødd, har hjernen laga nye koplingar mellom hjernecellene kvar gong du lærte noko nytt. Til slutt blei det veldig mange nye koplingar, og no må det ryddast opp. 

Gamle, unyttige koplingar blir fjerna, og viktige koplingar blir forsterka. Derfor lærer ungdommar ekstra fort. 

Tenk på kor fort du lærer nye ting på telefonen i forhold til foreldra dine. 

Close Icon

Loading...