Frå barn til vaksen

Tenåringskroppen utviklar seg. Stemma endrar seg, puppane, penis, pungen, ja, sjølv hjernen endrar seg når du kjem i puberteten.  

Alle veit at tenåringskroppen endrar seg og får meir lukt, kviser og hår. Men ikkje alle tenkjer over alt som skjer i hjernen. Tenk, han endrar seg, han òg! Dette gir deg humørsvingingar og mange nye kjensler som du aldri har kjent på før. Spennende, mystisk og litt rart. 

Det er hormona som får kroppen til å endre utsjånad, men dei kan òg endre oppførselen vår, tankane våre og kjenslene våre. Det er med andre ord heilt normalt at humøret blir påverka når kroppen og hjernen venner seg til endringane. Alle har det slik, sjølv om somme merkar det meir enn andre. 

Når du lærer mer om kvifor desse endringane skjer, og korleis ulike kjensler kan fosse gjennom kroppen i tenåra, blir du betre førebudd og kan finne gode måtar å takle dei på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis utviklar tenåringshjernen seg i puberteten?

I løpet av puberteten blir hjernen programmert om for å bli raskare og meir effektiv. Vi kan samanlikne dette med oppgraderinga av ein gammel datamaskin til ein superkraftig gaming-laptop, der gamle, unyttige filer (minne) blir fjerna for å gjere plass til nye, viktige oppdateringar. Vegane mellom dei forskjellige hjernecellene blir betre og raskare, og alt dette skjer for at hjernen skal bli meir effektiv!

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...