Korleis onanerer ein?
Når ein onanerer, tar ein på kjønnsorganet sitt, slik at det kjennest godt. Ein kan ta på, stryke, gnikke, massere eller klemme på og rundt kjønnsorganet.
Vulva, vagina og klitoris
Klitoris er veldig kjenslevar når du tek på han. Klitoris har vi faktisk berre for nyting! Ein kan gni eller kile framfor eller på sida av klitoris. Skjedeopninga og kjønnsleppene kan også masserast. Om ein vil, kan ein ta ein eller fleire fingrar inn i skjeden samtidig. Det går også an å bruke ein vibrator.
Slik ser klitoris ut: Sjå illustrasjon
Visste du at klitoris er som eit isfjell, der berre litt av han stikk ut av kroppen?
Lær meir om klitoris i denne filmen:
Penis
Penishovudet er veldig kjenslevart. Ein kan halde rundt penis og dra handa fram og tilbake over penis og penishovudet. Om ein er omskoren, slik at forhuda er operert bort, kan ein bruke fingrane eller handflata på penishovudet. Det kan vere lurt å ta litt glidekrem eller babyolje i handa slik at det glir betre.
Erogene soner
Vi har fleire ekstra kjenslevare stader på kroppen som det er godt å berøre. Dette kallar vi erogene soner. Døme er munnen, øyreflippane, nakken, brystvortene, rumpa, mellom låra, føtene, tærne, klitoris og penis.
Ein kan undersøkje kva delar av kroppen det er ekstra herleg å stryke og kile på eller å massere. Desse stadene kan ein ta på samtidig som ein onanerer.
Seksuelle fantasiar
Somme fantaserer samtidig som dei onanerer. Ein kan sjå for seg bilde eller situasjonar som ein blir kåt av.