Sex i mente:
Onani
Å onanere er heilt normalt og noko mange gjer.
Å onanere er som å ha sex med deg sjølv. Du gir deg sjølv nyting. Det er sunt, godt og ein fin måte å utforske kroppen sin på. Slik finn du ut kva du liker.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
Kor ofte er det vanleg å onanere?
Alt mellom aldri og dagleg er normalt. Nokre onanerer kvar dag, nokre kvar veke eller kvar måned, og andre ein sjeldan gong eller aldri.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
Oppsummering
Onanering er sunt, det kan vere herleg og spennande, og det er ein fin måte å bli kjend med sin eigen kropp på. Det er også ein fin måte å gi andre nyting på, når ein er klar for det.