Korleis onanerer ein?
Når ein onanerer, stimulerer ein kjønnsorganet sitt, slik at det kjennest godt. Det kan vere både deilig og spennande. Det er mange ulike måtar å onanere på. Ein kan onanere ved å ta på, stryke, gnikke, massere, presse eller klemme ulike område på og rundt kjønnsorganet sitt.
Vulva, vagina og klitoris
Klitorishovudet, den ytste delen av klitoris, har mange tusen nervar. Derfor er det svært kjenslevart for berøring. Visste du at klitoris er det einaste organet i kroppen som berre har eitt kjent formål – nyting?
Ein kan stimulere klitoris ved å gni eller massere han framme eller på sidene. I tillegg kan ein massere skjedeopninga og kjønnsleppene. Somme liker også å ta ein eller fleire fingrar inn i skjeden, gjerne samtidig som ein gnir eller trykkjer på klitoris. Ein kan også bruke hjelpemiddel, til dømes ein vibrator.
Slik ser klitoris ut: Sjå illustrasjon
Visste du at klitoris er langt større enn berre det synlege klitorishovudet? I tillegg til hovudet, som blir dekt av forhud, består klitoris av to klitorisbein og to svamplekamar som ligg skjult i underlivet.
Lær meir om klitoris i denne filmen:
Penis
Penishovudet er også veldig kjenslevart. Mange onanerer ved å halde rundt penis og dra handa fram og tilbake over penisskaftet og penishovudet, slik at forhuda blir ført fram og tilbake over sjølve hovudet. Om ein er omskoren, slik at forhuda er fjerna, kan ein bruke fingrane eller handflata til å stimulere penishovudet. Det kan vere lurt å ta litt glidekrem eller olje i handa, slik at stimuleringa kjennest mjukare og handa glir betre.
Erogene soner
Vi har fleire erogene soner på kroppen som det er godt å berøre. Døme på erogene soner er munnen, øyreflippane, nakken, brystvortene, rumpa, mellom låra, føtene, tærne, g-punktet, prostata, klitoris og penis.
Desse områda kan ein også utforske når ein onanerer. Slik finn ein ut kva delar av kroppen det er ekstra herleg å stryke på, kile eller å massere både før og samtidig som ein onanerer.
Seksuelle fantasiar
Somme fantaserer samtidig som dei onanerer. Då kan ein sjå for seg bilde, handlingar eller situasjonar som ein synest er opphissande, og som ein blir kåt av.