Ozonlaget – jorda sitt vernande skjold

Mange sjekkar UV-varselet på Yr eller i andre appar før dei skal vere ute i sola. UV-indeksen fortel kor sterk solstrålinga er, og om vi bør bruke solkrem og solbriller. Grunnen til at dette er viktig, er ozonlaget – eit tynt lag høgt oppe i atmosfæren som vernar oss mot farleg stråling frå sola.

Accessibility icon Ozonlaget – jorda sitt vernande skjold

Atmosfæren og ozonlaget

Rundt jorda ligg atmosfæren, eit tynt lag med gassar som gjer liv mogleg. Atmosfæren gir oss luft å puste i, vernar oss mot steinar frå verdsrommet og held temperaturen på jorda stabil.

Atmosfæren blir delt inn i fleire lag. Nærmast bakken ligg troposfæren. Her skjer veret, med skyer, vind og nedbør. Over dette ligg stratosfæren, som strekkjer seg frå omtrent 10 til 50 kilometer over bakken. Det er her vi finn ozonlaget, hovudsakeleg mellom 15 og 35 kilometer over bakken.

Rundt 90 prosent av alt ozon i atmosfæren finst i stratosfæren. Dette ozonet vernar oss mot skadeleg UV-stråling.

Jorda sett fra verdensrommet med synlig atmosfære og sollys som bøyes rundt planeten.
Jorda sett fra verdensrommet med synlig atmosfære og sollys som bøyes rundt planeten.

Kva er ozon?

Ozon er ein gass som består av tre oksygenatom. Det finst berre i svært små mengder, men har likevel stor betydning. Viss vi kunne samle alt ozonet i atmosfæren og presse det saman ved bakken, ville laget berre vore nokre få millimeter tjukt. Likevel stoppar det mesteparten av den farlegaste strålinga frå sola.

Det finst også litt ozon nær bakken, men dette ozonet vernar oss ikkje. Tvert imot vert ozon ved bakken rekna som ei luftforureining som kan vere skadeleg for menneske og plantar.

Utsikt mot jorda sett fra verdensrommet, med blå atmosfære, skyer og mørkt stjernehimmel bak.
Utsikt mot jorda sett fra verdensrommet, med blå atmosfære, skyer og mørkt stjernehimmel bak.

UV-stråling og kvifor ozonlaget er viktig

Sola sender ut ulike typar stråling. Ein del av denne strålinga er ultrafiolett stråling, kalt UV. UV-stråling blir delt inn i tre typar:

  • UVA når nesten heilt ned til bakken og kan gi aldring av huda.
  • UVB er sterkare og kan gi solbrentheit og hudskadar.
  • UVC er den farlegste typen, men blir stoppa heilt av ozon i atmosfæren.

Ozonlaget fungerer som eit filter som stoppar all UVC og mykje av UVB. Når ozonlaget er tjukt, når mindre skadeleg stråling bakken. Når ozonlaget blir tynnare, aukar UV-indeksen, og vi må verne oss betre mot sola.

Illustrasjon som viser solstråler med UVA-, UVB- og UVC-stråling som treffer jorda gjennom atmosfæren.
Illustrasjon som viser solstråler med UVA-, UVB- og UVC-stråling som treffer jorda gjennom atmosfæren.

Korleis menneske skada ozonlaget

På midten av 1900-talet begynte menneske å bruke nokre nye gassar som vart kalla KFK. Dei vart brukte i kjøleskap, sprayboksar og aircondition. Desse gassane verka ufarlege, men viste seg seinare å vere svært skadelege for ozonlaget.

KFK-gassane er stabile og kan stige heilt opp til stratosfæren. Der kan dei bryte ned ozon. Over tid førte dette til at ozonlaget vart mykje tynnare, spesielt over Antarktis. Her oppstod det som blir kalla ozonholet, der ozonmengda fell kraftig kvar vår.

Tekniker kontrollerer klimaanlegg ved å notere feil, med gassbeholdere og slanger ved siden av.
Tekniker kontrollerer klimaanlegg ved å notere feil, med gassbeholdere og slanger ved siden av.

Ozonholet og internasjonalt samarbeid

Då forskarar oppdaga ozonholet på 1970- og 1980-talet, vart dette sett på som ei alvorleg miljøkrise. Heldigvis reagerte verdssamfunnet raskt. I 1987 vart landa einige om Montreal-protokollen, ein internasjonal avtale for å slutte å bruke KFK og andre ozonøydeleggjande stoff.

I dag har nesten alle land i verda slutta seg til denne avtalen. Bruken av dei farlegste stoffa er kraftig redusert, og ozonlaget er sakte på veg tilbake.

Sprayboks som sprayer en sky av fin væske ut i luften mot høyre, på blå bakgrunn.
Sprayboks som sprayer en sky av fin væske ut i luften mot høyre, på blå bakgrunn.

Korleis følgjer
vi med i dag?

Forskarar overvaker ozonlaget ved hjelp av satellittar og målingar frå bakken. Dataa er opne og blir delte mellom land. I Noreg kan vi følgje med på ozon og UV-stråling gjennom varslar frå mellom anna NILU og Yr.

Målingane viser at ozonlaget ikkje lenger blir tynnare slik som før, og at ozonholet veks saktare. Likevel er systemet sårbart, og vi må framleis vere forsiktige.

Planeten Jorden sett fra verdensrommet sett fra en satelitt
Planeten Jorden sett fra verdensrommet sett fra en satelitt

Kva betyr dette for deg?

For deg merkast dette først og fremst gjennom UV-varsla. På våren, når sola står høgare og snøen reflekterer sollys, kan UV-strålinga bli sterk sjølv om det er kaldt. Derfor er det viktig å følgje råda om solkrem, solbriller og pausar i skuggen.

Et stort ozonhull i atmosfæren
Et stort ozonhull i atmosfæren

Ein viktig lærdom

Historia om ozonlaget viser at menneske kan skade naturen, men også at vi kan løyse problem når vi samarbeider. Ozonlaget er derfor ikkje berre eit vernande skjold mot sola, men også eit døme på at kunnskap og internasjonalt samarbeid kan gi håp for framtida.

Kjelder

Forskersonen.no: Hvordan går det egentlig med ozonlaget? Lasta ned 02.12.2025 frå: https://www.forskersonen.no/klima-meninger-meteorologi/hvordan-gar-det-egentlig-med-ozonlaget/1835358

Forskning.no: Hva er ozonlaget?  Lasta ned 30.11.2025, frå: https://www.forskning.no/forurensning-klima/hva-er-ozonlaget/1083518

FN-sambandet:Internasjonal dag for bevaring av ozonlaget. Lasta ned 30.11.2025, frå: https://fn.no/om-fn/fn-dager-kalender/kalender/internasjonal-dag-for-bevaring-av-ozonlaget

Norsk Institutt for Luftforskning, nilu.no: Tykkere ozonlag i 2024 – tynnere i år. Lasta ned 02.12.2025 fra: https://nilu.no/2025/09/tykkere-ozonlag-i-2024-tynnere-i-ar/

Miljødirektoratet: Pressemelding: Ozonhullet har oppført seg uvanlig fjerde året på rad. Lasta ned 02.12.2025 frå: https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/18241106/ozonhullet-har-oppfort-seg-uvanlig-fjerde-aret-pa-rad?lang=no&publisherId=17847187&utm=

Store norske leksikon: Ozonlaget Lasta ned 30.11.2025 frå: https://snl.no/ozonlaget

UN, Environment Program: All about ozon and ozon layer. Lasta ned 02.12.2025 frå: https://ozone.unep.org/ozone-and-you

Yr.no: Ozonlaget – jordens egen «solkrem». Lasta ned 30.11.2025 frå: https://www.yr.no/artikkel/ozonlaget—jordens-egen-_solkrem_-1.13720315

Close Icon

Loading...