På veg til festen

Orda hadde dukka opp i fleire samanhengar den siste tida. Forbodne ord med ukjent innhald. Ord som gjorde han litt skremd, men samtidig nysgjerrig.

Snorte. Sniffe. Snø. Coke. Cola. Pudder. Snøstorm. Nasepils. Soda. Cocain. Kokain.

Det var ikkje det at han ikkje hadde høyrt orda før. Dei dukka stadig opp. I raptekstar – som Jay Z´s «Can´t beat the hustle». Hos Ed Sheeran som song om: «White lips, pale face. Breathin’ in the snowflakes. Burnt lungs, sour taste. Light’s gone, days end.» I musikken bestefaren høyrde på, frå gamle dagar, den gongen han var ung: «There’s a lady who’s sure all that glitters is gold. And she’s buying a stairway to Heaven». Han hadde forma orda før, til den melankolske el-gitaren og i takt med dei tunge trommene, men aldri tenkt over kva innhald dei bar på.

I filmar og seriar fekk orda bilete, til og med i beste sendetid på NRK. I dokumentarar, som viste alt som var gøy før ein gjekk på ein skikkeleg smell, fekk orda nyansar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Orda hadde altså vore rundt han lenge. Det nye var at han la merke til dei. Dei vekte noko i han, som han ikkje hadde kjent på før. Dei forma bilete i hovudet hans. Unge menneske som dansa. Varme, nære, nesten flytande. Høg, dunkande musikk. Nasar som snufsa, auge som plutseleg verka intenst fokuserte, energi som eksploderte ut av dei unge kroppane. Og sjølvtillit. Mengder av sjølvtillit. Rette ryggar og heva hovud, som om dei bar usynlege kroner. Alle var konge på kvar sin haug.

No hadde orda komme nærare. Rett i lomma hans. Feeden hans i ulike sosiale medium fløymde over av referansar til kjøp og sal, bruk og misbruk av det forbodne stoffet. Algoritmane hadde plukka opp den nye fascinasjonen hans med orda og innhaldet og mata han med meir. Eit fåtal influensarar som flørta openlyst med stoffet, og mange som hinta om bruk. Andre som opna seg om eige misbruk og eit ønske om ein veg ut. 

Han visste godt kva konto han kunne sende ein snap til for å få tak i det kvite pulveret. Han visste prisen – i kroner, i alle fall – og kor enkelt det var å få tak i den vesle posen.

No var han på veg til festen. Skulle han, eller skulle han ikkje? Idet han runda det siste gatehjørnet før staden der festen var, dundra «I can’t feel my face» med The Weekend i hovudtelefonane. Han tok opp telefonen og såg lenge ned i skjermen som lyste mot han.

Kva trur du guten i historia vel, og kvifor?

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay