Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika er noko av det sunnaste du kan ete. Det inneheld tre gonger så mykje C-vitamin som ein appelsin! Smakar godt gjer det òg. Og tek seg veldig godt ut på ei brødskive med gulost. Viss du synest paprika smaker sterkt, er det ikkje ein gong i nærleiken av chili. Hugs raud, gul eller grøn paprika på brødskiva neste gong du lagar nistepakke.

Accessibility icon Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika på brødskiva!

Du bør ha godt med paprika på brødskiva fordi det inneheld mykje C-vitamin. Faktisk inneheld raud paprika tre gongar så mykje C-vitamin som appelsinar.

Vi treng tilførsel av C-vitamin kvar dag. Det er med på å halde bindeveva og organa til kroppen saman. Mangel på C-vitamin kan føre til alvorlege helseskadar.

I tillegg inneheld paprika mykje A-vitamin som er viktig for synet og huda. Paprika inneheld òg mykje kostfiber som er bra for fordøyinga.

Rød paprika
Rød paprika

Krydder, frukt eller grønsak?

Paprika kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men blir i dag dyrka i store delar av Europa. Det ungarske kjøkkenet bruker spesielt mykje paprika.

Paprika blir ofte brukt som krydder eller grønsak, men er eigentleg ei frukt.

📷  Ungarsk gulasj med kjøt, rotgrønsaker og paprika.
Ungarsk gulasj
Ungarsk gulasj

Peparfrukter

Paprika blir ofte kalla peparfrukter, men det har ingenting med pepar å gjere.

Blant peparfruktene er det mange typar. Nokre er veldig sterke, og andre milde. Paprika høyrer til dei milde, medan chilivariantane er dei som er sterke.

Chilli
Chilli

Capsaicin

Chilipepar inneheld eit stoff som heiter capsaicin. Det stimulerer nervar i huda og tunga. Hjernen blir narra til å tru at vi et noko brennande.

Du bør derfor ikkje gni deg i auga, eller ta på huda, når du har kutta opp chili. På huda kan du bruke matolje eller mjølk der du har fått på deg chili, og så vaske med vatn og såpe. Får du det i auga, må du skylje med mykje vatn.

Capsaicin blir målt med ein eigen skala: Scoville-skalaen.

Scoville-skalaen

Måleininga SHU (Scoville heat units) vart oppfunnen i 1912 av Wilbur Scoville. Han tynna ut chilien med sukkervatn, og målte kor mykje chilien måtte tynnast ut før testsmakerne ikkje lenger kjende smaken av krydderet.

Nokre døme:

  • Vanleg paprika: 0-100 SHU
  • Jalapeño: 2500 til 8000 SHU
  • Cayenne: 30 000 til 50 000 SHU
  • Red Savina: 350 000 til 577 000 SHU
  • Bhut Jolokia: 1 000 000 SHU
  • Carolina Reaper: 2 200 000 SHU
  • Rein capsaicin: 15 000 000 SHU
Scoville-skalaen

Fylt paprika

Ein enkel rett til helgekosen er fylt paprika. I denne videoen ser du korleis han blir laga.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. FRUKTno – YouTube