Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika er noko av det sunnaste du kan ete. Det inneheld tre gongar så mykje C-vitamin som ein appelsin! Smakar godt gjer det òg. Og tek seg veldig godt ut på ei brødskive med gulost. Viss du synest paprika smaker sterkt, er det ikkje ein gong i nærleiken av chili. Hugs raud, gul eller grøn paprika på brødskiva neste gong du lagar nistepakke.

Accessibility icon Paprika er ei C-vitaminbombe!

Paprika på brødskiva!

Du bør ha mykje paprika på brødskiva. Det inneheld tre gongar så mykje C-vitamin som appelsinar!

Vi treng C-vitamin kvar dag. Mangel på C-vitamin kan føre til alvorlege helseskadar.

I tillegg inneheld paprika mykje A-vitamin som er viktig for synet og huda.

Rød paprika
Rød paprika

Krydder, frukt eller grønsak?

Paprika kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men blir dyrka mange stader i Europa. Dei bruker mykje paprika i Ungarn.

Paprika blir ofte brukt som krydder eller grønsak, men er eigentleg ei frukt.

📷  Ungarsk gulasj med kjøt, rotgrønsaker og paprika.
Ungarsk gulasj
Ungarsk gulasj

Peparfrukter

Paprika blir kalla peparfrukter, men det har ingenting med pepar å gjere.

Nokre peparfrukter er veldig sterke, og andre milde. Paprika høyrer til dei milde, medan chili er sterke.

Chilli
Chilli

Capsaicin

Chilipepar inneheld eit stoff som heiter capsaicin. Det gjer at hjernen blir narra til å tru at vi et noko brennande.

Du bør derfor ikkje gni deg i auga, eller ta på huda, når du har kutta opp chili. Det kan gjere veldig vondt. Får du det i auga, må du skylje med mykje vatn.

Capsaicin blir målt med Scoville-skalaen.

Scoville-skalaen

Måleininga SHU (Scoville heat units) vart oppfunnen i 1912 av Wilbur Scoville. Skalaen seier kor sterke ulike peparfrukter er.

Nokre døme:

  • Vanleg paprika: 0-100 SHU
  • Jalapeño: 2500 til 8000 SHU
  • Cayenne: 30 000 til 50 000 SHU
  • Red Savina: 350 000 til 577 000 SHU
  • Bhut Jolokia: 1 000 000 SHU
  • Carolina Reaper: 2 200 000 SHU
  • Rein capsaicin: 15 000 000 SHU
Scoville-skalaen

Fylt paprika

Ein enkel rett til helgekosen er fylt paprika. I denne videoen ser du korleis han blir laga.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. FRUKTno – YouTube