Plantar i regnskogen

Mange av naturmedisinane vi bruker, veks i regnskogen – det største apoteket i verda.

Accessibility icon Plantar i regnskogen

Plantar i regnskogen

Mange av naturmedisinane vi brukar, veks i regnskogen – verdas største apotek. Mengda stoff som finst i plantane i regnskogane, er svært stor. Kakaotreet gjev oss mykje meir enn kakaobønner som vi lagar sjokolade av. Det er ein medisinplante som produserer meir enn 150 stoff i blad, frukt, frø og bark. Desse stoffa har vore brukt til medisinar.

Visste du at …

… meir enn to tredjedelar av planteartane i verda veks i tropisk regnskog?

… kanneberarar er tropiske, kjøtetande plantar som får næring frå dyr? Fargen, nektaren og lukta av desse plantane lokkar til seg insekt og små pattedyr. Viss dei fell oppi, greier dei aldri å klatra ut igjen på dei glatte veggane. Dei druknar i syre, som forvandlar dei til ei næringsrik kjøtsuppe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Avlingar i regnskogen

Tenk om det ikkje fanst sjokolade, kaffi, ris eller sukker. Vi kan takka regnskogen for ting vi et og kler på oss kvar dag. Møblane heime hos deg kan vera laga av treverk frå berekraftige plantasjar, det vil seia plantasjar som ikkje øydelegg regnskogen, og skosolane  dine er laga av lateks frå gummitre. Endå viktigare er medisinar som ein vinn ut frå regnskogplantar. Det er viktig at vi tek vare på regnskogen som gjev oss alle desse gåvene.

Visste du at…?

… ananasen stammar frå Brasil, og planten kan verta 30 år gamal? Han gjev oss A-vitamin og betre fordøying. Bladfibrane brukar ein til å laga tau og fiskesnøre.

… rotting ofte blir brukt til møblar, og at rotting kjemfrå ein palme som veks i tropiske strøk i Afrika, Australia og Asia? Forskarar eksperimenterer med å bruka rotting som kunstig bein.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Den unike regnskogen

Regnskogar er veldig spesielle stadar kor det lever enormt mange ulike plantar og dyr. Dette er det eldste og frodigaste økosystemet i verda.

En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.

Kjelder

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Hjermann, Dag Øysteintemperert regnskog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. august 2020 frå https://snl.no/temperert_regnskog