Psykt deg med Maria:

På tomgang eller feil drivstoff?🚗

Eg fylte bensin på ein dieselbil ein gong. Det var ikkje gøy, og bilen ville ikkje så langt. Visste du at hjernen vår fungerer på same måten? Han treng rett mat til rett tid for å fungera bra. 🚘
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Eit sunt kosthald 🤷

«Æsj, skal du òg be meg eta sunt?!», tenker du kanskje. Men ja, min venn! Å eta sunt er viktig. Det får oss til å kjenna oss betre. Det gir oss betre humør, energi, søvn og konsentrasjon. Bra mat er altså ikkje berre viktig for kroppen vår, men òg for hjernen vår og tankane våre. 🥦
Sur gutt på kjøkken
Sur gutt på kjøkken

Vanskelegast når ting er vanskelege 😴

For nokon kan det vera vanskeleg å få til. Når ein har det tungt, hender det at ein vil eta meir eller mindre enn vanleg. For dei som har det tungt, kan det derfor vera ekstra tøft å eta sunt. Men viss ein klarer det, vil ein kunna få det så mykje betre. 🥙
Sur jente på kjøkken
Sur jente på kjøkken

Kva slags mat treng hjernen?

1. Mat med mykje næring som finst i grønsaker, frukt, bær og meieriprodukt. 🍎🥕🥛
2. Hjernen treng òg særleg grove kornprodukt. Desse inneheld langsame karbohydrat som er viktig for konsentrasjon, energi og humør. 🍞

3. Sunt feitt og protein er bra for hjernen, Dette finn vi i fisk, fugl og noko kjøtt. Det sunne feittet finst òg i nokre typar grønsaker, korntypar og oljar. Du finn dei for eksempel i avokado, chiafrø og olivenolje. 🥑

4. Vatn! Hjernen treng masse væske! 💦

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jente og gutt på kjøkken
Jente og gutt på kjøkken

Hugs!

Vi bør fordela maten ut på faste og jamne måltid. Frukost, lunsj og middag. I tillegg bør du få i deg nokre lette mellommåltid. Prøv å ha ein balanse mellom kor mykje du et, og kor mykje du er i aktivitet.💃🏻🕺🏻

Glade barn på kjøkken
Glade barn på kjøkken

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock