Psykt deg med Maria:

På tomgang eller feil drivstoff?🚗

Eg fylte feil drivstoff på bilen min ein gong. Då ville ikkje bilen gå langt. Visste du at hjernen vår fungerer på same måten? Vi må ete rett og ofte nok for at han skal fungera bra. 🚘
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Eit sunt kosthald 🤷

«Æsj, skal du òg be meg eta sunt?!», tenker du kanskje. Men ja, min venn!
Riktig mat er viktig. Det får oss til å kjenna oss betre. Det gir oss betre humør, energi, søvn og konsentrasjon. Sunn mat er altså bra for både kroppen vår og hjernen vår. 🥦
Sur gutt på kjøkken
Sur gutt på kjøkken

Vanskelegast når ting er vanskelege 😴

For somme er dette spesielt vanskeleg. Når ein har det tungt, vil ein ofte eta meir eller mindre enn vanleg. Då blir det ekstra tøft å eta sunt. Men viss ein klarer det, vil ein kunna få det så mykje betre. 🥙
Sur jente på kjøkken
Sur jente på kjøkken

Kva slags mat treng hjernen?

1. Mat med mykje næring som finst i grønsaker, frukt, bær og meieriprodukt. 🍎🥕🥛
2. Hjernen treng òg grove kornprodukt. Desse inneheld langsame karbohydrat. Desse gir oss betre konsentrasjon, energi og humør. 🍞

3. Sunt feitt og protein er bra for hjernen. Det finn vi i fisk, fugl og noko kjøtt. Sunt feitt finst òg i nokre grønsaker, korntypar og oljar. For eksempel i avokado, chiafrø og olivenolje. 🥑

4. Vatn! Hjernen treng masse væske! 💦

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Jente og gutt på kjøkken
Jente og gutt på kjøkken

Hugs!

Du bør eta til faste tider og ofte. Frukost, lunsj og middag er viktig. Du bør òg eta nokre lette mellommåltid.

Prøv å tilpassa mengda mat du et etter kor mykje du er i aktivitet. Då får kroppen din det bra.💃🏻🕺🏻

Glade barn på kjøkken
Glade barn på kjøkken

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock