Psykt deg med Maria:

Krangling💥🌪

Konfliktar vil kunna oppstå mellom dei aller fleste menneske. Desse kan vera vanskelege å løysa på ein god måte. 😩

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme
Jenter som krangler

Misforståingar og usikkerheit

Somme gonger misforstår vi kvifor andre seier og gjer som dei gjer. Ofte handlar desse misforståingane om dårleg sjølvkjensle og usikkerheit. Hjernen vår vil at vi skal tru på dei negative tankane vi har om oss sjølve, eller den andre. 👊

Kanskje trur vi for eksempel at nokon ikkje likar oss. Då kan vi lett tru at det dei seier og gjer, betyr at dei ikkje vil vera saman med oss oss.

Cartoon-bakgrunn
Cartoon-bakgrunn

Vanleg med konfliktar

Konfliktar oppstår når vi opplever at nokon misforstår oss. Dei kan også oppstå viss nokon gjer noko vi ikkje vil eller ønsker. Alle menneske er forskjellige og har derfor òg forskjellige ønske. Derfor er det ganske vanleg at menneske hamnar i kranglar med kvarandre.

Gutter som plager hverandre
Mørk cartoon-bakgrunn
Mørk cartoon-bakgrunn

Tips!

1. Er det noko som plagar deg i eit vennskap? Ta det opp med dei. Men la vera å bruka «du er» eller «du gjer». Bruk heller «eg opplever at» og «det fekk meg til å føla».

Altså ikkje: «Du er så egoistisk, og du held meg utanfor.»

Sei heller:  «I går opplevde eg at eg blei halden utanfor, og det gjorde meg trist.»

Då forstår personen korleis du har opplevd situasjonen. Etterpå er det òg mogleg for han/ho å forklara si side av saka. 👋

2. Prøv å sjå deg sjølv utanfrå. Korleis ser andre deg? Korleis ser kroppsspråket ditt ut for dei?

Prøv å sjå andre innanfrå. Kva er det som skjer på innsida hos den andre? Kvifor? Kvifor er den andre opprørt? 🤔

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Cartoon-bakgrunn
Cartoon-bakgrunn
Gode venner

Kva er viktigast?

Men kva gjer du viss krangelen blir verre? Er det veldig viktig for deg å ha rett? Kva vinn du om du «vinn» ein krangel? Er vinnaren kanskje eigentleg den som gir seg, og seier sorry? ❤️

Lys cartoon-bakgrunn
Lys cartoon-bakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock