Psykt deg med Maria:

Kvisekrise! 😵

Visste du at ei kvise kan få både ungdom og vaksne til å la vera å gå på ei sosial samkome dei har gledd seg til? 😩

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Kvise i fokus

Mange skildrar ei oppleving av at det kjennest som om kvisa er det einaste alle ser. Og dette skaper eit slags «sjølvmedvitssyndrom» i augneblinken, som gjer det vanskeleg for dei sjølv å fokusera på noko anna enn si eiga kvise når dei er sosiale. Ein kan då bruka mykje energi på å prøva å dekka ho til, gøyma eller skjula delar av ansiktet.

Kvise i panna
Kvise i panna

Tips!  🙌

Spør deg sjølv: Har du nokon gong mista interessa for eit anna menneske fordi dei hadde ei kvise (eller fleire)? Dersom svaret ditt er ja, så kan det henda at du strevar noko med å knyta nære relasjonar til andre, sidan fokuset ligg på det ytre og overflatiske. 🦸

Dersom svaret ditt er nei, så er du som folk flest og tenker lite over andre sin hudtilstand frå dag til dag. Du lèt altså ikkje ei kvise påverka kva du meiner om andre. Og kvifor skal du då kritisera deg sjølv og la ei kvise hindra deg i å ha det bra?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvise på kinnet
Kvise på kinnet

Og vettu?!

Det å utstråla sjølvtillit blir faktisk vurdert som meir tiltrekkande enn ei kvisefri hud.

Embrace your normality and own that pimple! 😘👌

Kvinne med kvise og selvtillit
Kvinne med kvise og selvtillit

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock