Putins propaganda

Russlands president Vladimir Putin har lenge drive propaganda for å påverke russarar – og resten av verda – om at det var nødvendig å angripe Ukraina i 2022.

Accessibility icon Putins propaganda

Finst det noka sanning i krig?

Kan ein stole på nokon som helst i krig? Det å prøve å påverke haldningane til folk  blir kalla for propaganda. Det er den vanskelege jobben til folket å forstå kva som er sant eller usant.

Ordet propaganda skrevet med sort tekst mange ganger på hvite papirstrimler.
Ordet propaganda skrevet med sort tekst mange ganger på hvite papirstrimler.

Putins propaganda

Russlands president Vladimir Putin har halde på med propaganda lenge. Han har forsøkt å påverke russarar – og resten av verda – om at det var nødvendig å angripe Ukraina i 2022.

Portrett av Russlands president Vladimir Putin

Den vonde motstandaren

Etter Russlands angrep på Ukraina har mange medium i Vest-Europa samanlikna Putin med Adolf Hitler, og dei har hevda at han er eit av dei vondaste menneska i verda. Derfor har mange land støtta Ukraina i kampen mot Putin.

Nazisme i Ukraina?

Putin har skulda leiarane i Ukraina for å vere nazistar. Han vil få russarane til å tru at dei skal bekjempe nazisme i Ukraina.

Sterke verkemiddel

I krigen i Ukraina brukar både Russland og Ukraina sterke virkemiddel for å påverke eiga befolkning og resten av verda. Men korleis har Putin brukt propaganda for å forsvare angrepet på Ukraina?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ein langvarig propagandakrig

Putin har drive med propaganda heilt sidan Ukraina vart eit fritt land i 1991. Putin hevdar at Aust-Ukraina tilhøyrer Russland.

Ein stor del av befolkninga er russiske, og Putin påstår at Ukraina driv eit folkemord på desse. Styresmaktene i Ukraina seier at  dette er løgn. Denne konflikten har Putin brukt for å angripe Ukraina.

Både Russland og Ukraina har kjempa for å overtyde om at sanninga deira er den rette. Dette kallar vi ein propagandakrig.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Silhuett av en soldat foran en murvegg med fargene til Russland og Ukraina.
Silhuett av en soldat foran en murvegg med fargene til Russland og Ukraina.

Russland annekterer statar i Ukraina

I 2014 gjekk propagandaen over til å bli krig. Russland annekterte Krim-halvøya og tok over styringa frå den ukrainske regjeringa. Putin hevda at Krim tilhøyrde Russland.

Folkeavstemming

Putin heldt ei folkeavstemming på Krim for å vise at han hadde rett. Godt over 90 prosent av befolkninga på Krim stemte for å bli ein del av Russland. USA meinte at valet var ulovleg, men kunne ikkje stanse det som skjedde.

«Fredsbevarande styrkar»

I 2022 frigjorde statane Luhansk og Donetsk seg frå Aust-Ukraina. Ifølgje Putin skulle desse bli ein del av Russland. Dermed gjekk han inn med det han kalla fredsbevarande styrkar for å beskytte innbyggjarane mot ukrainarane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre stridsvogner kjører inn i en bygate med høye bygninger på hver side
Tre stridsvogner kjører inn i en bygate med høye bygninger på hver side

Støtte frå folket

Vladimir Putin har vore president i Russland i over 20 år. I alle desse åra har han brukt propaganda for å vise at han er ein god leiar.

Putin legg skulda på USA

Etter invasjonen av Ukraina vart alle utanlandske medium stengde i Russland. Russiske aviser og nyheitskanalar kunne berre fortelje det styresmaktene bestemte. Russarar skulle ikkje bli påverka utanfrå. I Russland fekk USA skulda for konflikten med Ukraina.

Nye russiske læreplanar

Våren 2022 fekk russiske elevar ein ny timeplan. På den står det at elevene skal ha samtalar om det «viktige» ein gong i veka. Her skal elevane bli fortalde at krigen i Ukraina er eit eksempel på ekte kjærleik til det russiske folket. Ein ekte patriot bør alltid vere klar til å døy for landet sitt. Samtalane skal også verne dei russiske barna mot negativ påverknad frå andre land.

Lærarar som ikkje følgjer timeplanen kan risikere fengselsstraff, eller miste jobben. – Dette er rein propaganda, seier den russiske professoren Inna Sangadzhieva.
– Her forsøker Putin å påverke barna til å ofte alt for hjemlandet sitt. Dette lærer barna allereie dei første åra på skulen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Knyttneve malt i fargene til Russland slår en flat hånd malt med fargene til Ukraina.
Knyttneve malt i fargene til Russland slår en flat hånd malt med fargene til Ukraina.

Ingenting å frykte?

For å unngå krig kom Putin med mange krav til Ukraina:

  • Regjeringa må godta Donetsk, Luhansk og Krim som russiske statar. 
  • Ukraina kan aldri bli medlem av NATO og EU. 
  • Ukrainske soldatar må halde seg  unna grensa mot Russland.

Vart krava innfridde, hadde befolkninga i Ukraina ingenting å frykte. Ukraina avviste kravet frå Russland, og den 24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Militært kjøretøy eksploderer på en gate.
Militært kjøretøy eksploderer på en gate.

Kjeldekritikk

Medium i Noreg, og i resten av verda, er fulle av nyheiter om krigar og konfliktar. Kvar og ein av oss må derfor tenkje nøye over kva vi les og høyrer. Vi må stille tre spørsmål:

  • Kven er kjelda (avsendaren)?
  • Kva er hensikta med det som blir formidla?
  • Kor truverdig er det som blir formidla?

Kven som helst kan leggje ut informasjon eller nyheiter på internett. Derfor er det vanskeleg å vite kva og kven vi kan stole på. Er vi flinke nok til å lese fleire ulike kjelder på nettet? Eller forheld vi oss berre til Facebook, TikTok eller andre sosiale medium? Les vi nettaviser frå fleire land, eller les vi berre dei norske? 

Er du usikker, så snakk med nokon! Då kan de saman vurdere det som står.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mobilskjerm der det står News Fake.
Mobilskjerm der det står News Fake.

Kjelder:

  • Thuesen, Nils Petter; Paulsen, Martin; Bukkvoll, Tor; Bosoni, Jørgen G.:
    Ukraina i Store norske leksikon på snl.no. Henta 5. april 2022 frå http://snl.no/Ukraina
  • Holm-Hansen, Jørn; Bukkvoll, Tor; Paulsen, Martin: Krim i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. april 2022 frå https://snl.no/Krim
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. www.kremlin.ru / Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images