Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er fastemånaden til muslimane der dei avstår frå mat, drikke og sex i 30 dagar. Når månaden er over, feirar dei id, som er den store høgtidsdagen til muslimane.

Accessibility icon Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan
– den fjerde søyla i islam

Å faste når det er ramadan er ein av fem viktige reglar i Islam. Desse reglane blir kalla Dei fem søylene i islam.

Ramadan er ein heilag månad der ein ikkje skal ete eller drikke før sola går ned. Etter 30 dagar med faste kjem ein stor fest som blir kalla id.

Når sola har gått ned, møtest familien for å ete saman. Når ein ikkje kan ete eller drikke heile dagen, kjenner ein korleis det er å vere fattig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel

Ramadan i alle årstider

Kalenderen som blir brukt i store delar av verda, har 365 dagar. Året i den islamske kalenderen er 11 dagar kortare. Ramadan startar derfor tidlegare kvart år. Sidan han bevegar seg kvart år, kan Ramadan vere i alle årstider.

Ramadan på den nordlege halvkula

Det kan vere 20 timar dagslys om sommaren i dei nordlegaste landa. Lengst nord står sola så høgt på himmelen om sommaren at ho aldri går ned. Dette blir kalla midnattssol.

På vinteren er det motsett. Det er færre timar dagslys di lenger nord du kjem, og nokre stader er det mørketid. Då står ikkje sola opp i det heile.

Alternative løysingar

Når det er så ulik lengde på dag og natt i nord, må ikkje muslimar følgje den lokale solgangen under Ramadan. Nokre følgjer solgangen i den heilage islamske byen, Mekka. Andre brukar solgangen frå andre stader. Ei gruppe norske muslimar har laga ein tidstabell som muslimar i dei nordlegaste delane av Europa, Russland, USA og Canada, kan bruke.

📷  Midnattssol i Noreg
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Midnattssol på Nordkapp i Finland
Midnattssol på Nordkapp i Finland

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!