Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er fastemånaden til muslimane der dei avstår frå mat, drikke og sex i 30 dagar. Når månaden er over, blir det feiring av id, den store høgtidsdagen til muslimane.

Accessibility icon Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan
– den fjerde søyla i Islam

Det er fem viktige reglar i Islam. Dette blir kalla Dei fem søylene i islam. Den fjerde søyla er ramadan, som betyr faste. Ramadan er ein heilag månad der ein ikkje skal ete eller drikke frå soloppgang til solnedgang. Etter 30 dagar er fasta over, og muslimane feirar med ein stor fest: id al-fitr.

Når sola har gått ned, treffest familie og venner for å ete og snakke saman. Når ein ikkje kan ete eller drikke på dagtid, kjenner ein korleis det er å vere fattig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel

Ramadan i alle årstider

Året i den islamske kalenderen er 11 dagar kortare enn året i den gregorianske kalenderen. Dette betyr at Ramadan begynner 11 dagar tidlegare kvart år. I løpet av ein periode på 36 år vil Ramadan gå føre seg i alle årstidene.

Ramadan på den nordlege halvkula

I løpet av sommaren kan det vere så mykje som 20 timar dagslys i dei nordlegaste områda. Nord for den arktiske sirkelen er det midnattssol i sommarmånadene, og sola går derfor ikkje ned.

På vinterstid skjer det motsette. Det er færre timar dagslys jo lenger nord du kjem, og nokre stader er det mørketid. Då står ikkje sola opp i det heile.

Alternative løysingar

Under denne typen ekstreme forhold har mange muslimar funne ulike løysingar på når kdei kan bryte fasta. Nokre følgjer tida for solgang i Mekka, medan andre brukar andre løysingar. Ei gruppe norske muslimar har laga ein tidstabell for bøn for muslimar som bur på høge breiddegrader.

📷  Midnattssol i Noreg
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Midnattssol på Nordkapp i Finland
Midnattssol på Nordkapp i Finland

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!