Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan er ein viktig månad for muslimar over heile verda. Det er fastemånaden til muslimane der dei avstår frå mat, drikke og sex i 30 dagar. Når månaden er over, blir det feiring av id, den store høgtidsdagen til muslimane.

Accessibility icon Ramadan – ei tid for sjølvkontroll og ofring

Ramadan
– den fjerde søyla i Islam

Det er fem viktige reglar i Islam. Dette blir kalla Dei fem søylene i islam. Den fjerde søyla er ramadan, som betyr faste. Ramadan er ein heilag månad der ein ikkje skal ete eller drikke frå soloppgang til solnedgang. Etter 30 dagar er fasta over, og muslimane feirar med ein stor fest: id al-fitr.

Når sola har gått ned, treffest familie og venner for å ete og snakke saman. Når ein ikkje kan ete eller drikke på dagtid, kjenner ein korleis det er å vere fattig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel
Silhuett av moske med halvmåne på solnedgangshimmel

Ramadan i alle årstider

Året i den islamske kalenderen er 11 dagar kortare enn året i den gregorianske kalenderen. Dette betyr at Ramadan begynner 11 dagar tidlegare kvart år. I løpet av ein periode på 36 år vil Ramadan gå føre seg i alle årstidene.

Ramadan på den nordlege halvkula

I løpet av sommaren kan det vere så mykje som 20 timar dagslys i dei nordlegaste områda. Nord for den arktiske sirkelen er det midnattssol i sommarmånadene, og sola går derfor ikkje ned.

På vinterstid skjer det motsette. Det er færre timar dagslys jo lenger nord du kjem, og nokre stader er det mørketid. Då står ikkje sola opp i det heile.

Alternative løysingar

Under denne typen ekstreme forhold har mange muslimar funne ulike løysingar på når kdei kan bryte fasta. Nokre følgjer tida for solgang i Mekka, medan andre brukar andre løysingar. Ei gruppe norske muslimar har laga ein tidstabell for bøn for muslimar som bur på høge breiddegrader.

📷  Midnattssol i Noreg
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Midnattssol på Nordkapp i Finland
Midnattssol på Nordkapp i Finland

Folk bryt fasta saman

Ramadan er ein hyggeleg månad med mange familiefestar. Kvar kveld, når sola går ned, møtest venner, familie og naboar for å bryte fasta og ete saman.

Mange bryt fasta med dadlar og drikk vatn eller mjølk. Dette blir kalla iftar på arabisk. Deretter et dei ein god middag saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan
Muslimsk familie som har iftar sammen under Ramadan

Tid for gode samtalar

Ramadan er ei tid for gode samtalar med familie og venner. Det er òg ei tid der uvenner blir venner igjen. Alle prøver å vere litt ekstra snille.

Å faste

Å faste kan vere sunt for kropp og sjel. Du kan få betre helse samtidig som du må ha sterk vilje og disiplin. Du styrkjer òg tru og samhald.

Ikkje for alle

Ikkje alle muslimar fastar under ramadan. Barn og eldre, gravide og ammande, folk som er sjuke og folk med hardt fysisk arbeid, slepp å faste. 

Sjølv om du ikkje fastar, er du med på ramadan ved å gi gåver til dei fattige, gå i moskeen og støtte resten av familien din. Du kan tenkje over korleis du kan bli eit betre menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen
En gravid muslimsk kvinne poserer foran solnedgangen

Muslimsk identitet

Å faste når det er ramadan er viktig for muslimar. Slik opplever ein eit fellesskap anten ein er fattig eller rik, uansett kvar ein bur, og uansett kor gammal ein er.

Collage av mange mennesker
Collage av mange mennesker

Fasting har lange tradisjonar

Fasting har lange tradisjonar i ulike religionar og filosofiar. Vi kjenner fasting frå mellom anna jødedom, kristendom, hinduisme, buddhisme og islam. Arabarar i Midtausten praktiserte månadslang fasting før islam vart ein religion.

Det var velkjent at gamle profetar og andre heilage menn gjekk ut i ørkenen for å faste og meditere for å oppnå åndeleg innsikt. Det var nettopp slik Koranen vart openberra for profeten Muhammad.

Ørkensolnedgang i Midtøsten
Ørkensolnedgang i Midtøsten

Korleis ønskje nokon ein god Ramadan?

Meir enn 1, 5 milliarder menneske over heile verda feirar Ramadan kvart år. Korleis skal ein ønskje nokon ein god ramadan? 

Den vanlegaste helsinga er Ramadan Mubarak! Det betyr «god ramadan» eller «velsigna ramadan». Du kan òg ønske nokon ein sjenerøs ramadan ved å seie Ramadan Kareem.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Adobe Stock

    2. Adobe Stock

    3. Adobe Stock

    4. Adobe Stock

    5. Adobe Stock

    6. Adobe Stock

    7. Getty Images

    8. Getty Images