Kva er rasisme?

Rasisme er eit stort ord, og det er mykje som kan falle inn under det. Det har eksistert i nesten heile verdshistoria. Fordi verdas befolkning består av menneske med ulik etnisitet (opphav og bakgrunn), har det oppstått ei oppfatning om at menneskeslekta kan delast inn i ulike rasar. Rasisme er i all hovudsak trua på at det nettopp finst ulike «menneskerasar», og at nokre av desse er smartare og meir verdifulle enn andre.

Før og etter andre verdskrigen

Før og under den andre verdskrigen meinte fleire forskarar at det var biologiske forskjellar som gav menneske ulik verdi. Etter den andre verdskrigen har rasismen utvikla seg til å handle meir om kultur, altså ideen om at nokre kulturar er betre enn andre. Til dømes ideen om at nokre folk er meir valdelege på grunn av kulturen sin. Eller ideen om at nokon ikkje kan tilhøyre ein nasjonalitet fordi dei ikkje har den «rette» hudfargen eller dei «rette» namna.

Rasisme = diskriminering 

I korte trekk handlar rasisme om oppfatningar, haldningar og handlingar som deler menneske i rasar, der nokre er betre enn andre. Det er ei form for diskriminering vi kan finne på arenaer som skular, arbeidsplassar, sosiale medium osv.

Diskriminering og rasisme av minoritetar

Gjennom historia har minoritetar opplevd mange former for rasisme. Til dømes har mørkhuda i USA og Sør-Afrika opplevd nøye planlagt diskriminering. Dei blei brukte som slavar i plantasjar og segregerte frå resten av samfunnet. Segregering vil seie å skilje nokre menneske frå andre som lever i det same samfunnet. På 1960-talet dreiv Ku Klux Klan (KKK) med forfølging av og drap på afroamerikanarar i USA.

⬅  Illustrasjon av Ku Klux Klan og forkledninga deira.

Rasisme og urfolk 

Urfolk har også blitt utsette for nøye gjennomtenkt rasisme. Ei urbefolkning er den gruppa menneske som budde i eit landområde før området vart erobra av andre.

Fornorskinga av samane gjekk ut på å tvinge samane inn i den norske kulturen. Samane fekk ikkje snakke eller lære seg samisk språk. Mange barn vart tekne ut av familiane sine og flytta til internat (elevheimar langt heimanfrå) der dei skulle fornorskast.

I dag har den norske staten bedt det samiske folket om orsaking, og ein har styrkt samisk kultur og språk i Noreg.

Internasjonalt jobbar Dei sameinte nasjonane (SN/FN) for å fremje menneskerettar i heile verda, og arbeidet mot rasisme er ein viktig del av dette.

Samane som offer for rasisme 

«Black lives matter» 

Den 25. mai 2020 vart George Floyd drepen av politiet i Minneapolis (USA). George Floyd var ein 46 år gammal afroamerikansk mann. Det seiest at han prøvde å bruke ein forfalska seddel på butikken der han vart arrestert. Drapet på George Floyd har sett i gang dei største protestane mot rasisme i USA på over femti år. Rundt omkring i verda har tusenvis av menneske blitt med på demonstrasjonar mot rasisme.

Demonstrasjonane er eit teikn på at mange meiner at svarte – og andre minoritetar – blir urettferdig behandla av politiet.

Mange reagerer på at politiet ser på svarte som meir kriminelle berre på grunn av hudfarge. Det kan oppfattast som eit brot på menneskerettane.

I følgje BBC vart 1000 personar skotne og drepne av politiet i USA i 2019. 23 prosent av dei som vart skotne var afroamerikanarar, trass i  at afroamerikanarar utgjer berre 14 prosent av befolkninga i USA. Med andre ord var det høg andel afroamerikanarar som vart drepne av politiet i 2019.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

George Floyd og historia om svarte amerikanarar

Holmlia-drapet 

I 2001 vart 15 år gamle Benjamin Hermansen frå Oslo knivstukken og drepen på grunn av hudfargen sin. Mannen bak angrepet var nynazist. Å vere nynazist betyr at ein har ekstreme nasjonalistiske og rasistiske haldningar.

Etter drapet vart det store demonstrasjonar i heile Noreg og ein stor debatt om rasisme. Drapet på Benjamin Hermansen har blitt eit symbol på at kampen mot rasisme ikkje er ferdig.

⬅  Kvart år vert Benjamin-prisen delt ut til skular som jobbar aktivt mot rasisme.

Foto: Kuben yrkesarena CC-BY-SA

22. juli og høgreekstreme rørsler   

Terrorangrepa i Noreg 22.juli 2011 var nokre av dei mest grufulle og stygge hendingane i Noreg og Europa i moderne historie. 77 personar vart drepne i angrepa utførte av den høgreekstreme terroristen Anders Behring Breivik.

Breivik trudde på ideen om «menneskerasar» og at desse har ulik verdi. Han trudde også på konspirasjonsteoriar om at muslimar ville overta Noreg og resten av Europa.

22.juli kom Breivik til Utøya kledd i politiuniform. Målet hans var å ta livet av medlemmar av AUF. AUF er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet, eit sosialdemokratisk parti. Breivik og andre høgreekstreme meiner at Arbeidarpartiet er årsaka til at Noreg har blitt eit flerkulturelt samfunn, og at partiet  har ein skjult agenda om å øydeleggje «den norske kulturen». Sjølv om Anders Behring Breivik handla åleine, er det mange som deler ideologien og tankane hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis kan vi førebyggje rasisme?

Det er mange måtar å førebyggje rasisme på.

  1. Politisk kan vi få vedteke lover som fremjar menneskerettar. På denne måten kan vi sikre at alle folk får dei same rettane, og verne dei mot diskriminering på arbeidsplassen, i skulen, offentlege tenester osv.
  2. Vaksne kan sørgje for å vere gode rollemodellar overfor barn, og fremje verdiar som at alle har like høg verdi uavhengig av kultur, hudfarge og religion.
  3. Eit anna tiltak er å bli kjend med andre kulturar. På denne måten kan vi endre og få slutt på fordommar vi har mot andre og framande kulturar.

Dokketesten

Sei frå! 

Samtidig må vi også forstå at det finst rasisme i samfunnet. Dersom vi opplever eller ser diskriminering på grunn av hudfarge, kultur eller religion, bør vi seie tydeleg frå. Vi kan seie frå til den som diskriminerer, eller til andre i nærleiken.

Det kan også vere viktig å forklare den som diskriminerer kvifor det som vert sagt eller gjort, vert opplevd som rasistisk.

Viss vi ikkje blir høyrde, bør vi seie frå til ein vaksen, for eksempel læraren eller rektoren. Vi må hugse på at lovene i Noreg slår hardt ned på diskriminering og rasistiske haldningar.

Kjelder:

  • Skorgen, Torgeir; Ikdahl, Ingunn; Berg-Nordlie, Mikkelrasisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. september 2020 frå https://snl.no/rasisme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Fanpage.it – YouTube
    13. Getty Images