Kva er rasisme?

Rasisme er eit stort ord, og det er mykje som kan falle inn under det. Det har eksistert i nesten heile verdshistoria. Fordi verdas befolkning består av menneske med ulik etnisitet (opphav og bakgrunn), har det oppstått ei oppfatning om at menneskeslekta kan delast inn i ulike rasar. Rasisme er i all hovudsak trua på at det nettopp finst ulike «menneskerasar», og at nokre av desse er smartare og meir verdifulle enn andre.

Før og etter andre verdskrigen  

Før og under den andre verdenskrigen meinte fleire forskarar at det var biologiske forskjellar som gav menneske ulik verdi. Etter den andre verdskrigen har rasismen utvikla seg til å handle meir om kultur, altså at nokre kulturar er betre enn andre. Til dømes at nokre folk er meir valdelege på grunn av kulturen sin. Eller at nokon ikkje kan tilhøyre ein nasjonalitet fordi dei ikkje har den «rette» hudfargen eller dei «rette» namna.

Rasisme = diskriminering 

I korte trekk handlar rasisme om oppfatningar, haldningar og handlingar som deler menneske i rasar, der somme er betre enn andre. Det er ei form for diskriminering vi kan finne på skular, på arbeidsplassar, i sosiale medium osv.

Diskriminering og rasisme av minoritetar  

Gjennom historia har minoritetar (mindre folkegrupper) opplevd mange former for rasisme.

For eksempel i USA og Sør-Afrika har mørkhuda opplevd å bli behandla mykje dårlegare enn resten av befolkninga. Dei vart brukte som slavar i plantasjar og fekk ikkje bu og bevege seg fritt i samfunnet.

⬅  Ku Klux Klan (KKK) blei oppretta i 1865 i USA for å sørgje for at dei kvite fekk ein betre plass i samfunnet enn dei svarte. På 1960-talet plaga og drap dei mange afroamerikanarar. I dag er KKK ein ulovleg organisasjon, men eksisterer likevel framleis. Her er ein illustrasjon av forkledningane deira.

Rasisme og urfolk  

Urfolk har også blitt utsette for nøye gjennomtenkt rasisme. Ei urbefolkning er den gruppa menneske som budde i eit landområde før området vart erobra av andre.

Fornorskinga av samane gjekk ut på å tvinge samane inn i den norske kulturen. Samane fekk ikkje snakke eller lære seg samisk språk. Mange barn vart tekne ut av familiane sine og flytta til internat (elevheimar langt heimanfrå) der dei skulle fornorskast. I dag har den norske staten bedt det samiske folket om orsaking, og ein har styrkt samisk kultur og språk i Noreg. Internasjonalt jobbar Dei sameinte nasjonane (SN/FN) for å fremje menneskerettar i heile verda, og arbeidet mot rasisme er ein viktig del av dette.

Samane som offer for rasisme

«Black lives matter» 

Den 25. mai 2020 vart George Floyd drepen av politiet i Minneapolis (USA). George Floyd var ein 46 år gammal afroamerikansk mann. Det seiest at han prøvde å bruke ein forfalska seddel på butikken der han vart arrestert. Drapet på George Floyd har sett i gang dei største protestane mot rasisme i USA på over femti år. Rundt omkring i verda har tusenvis av menneske blitt med på demonstrasjonar mot rasisme.

Demonstrasjonane er eit teikn på at mange meiner at svarte – og andre mindre folkegrupper – blir urettferdig behandla av politiet.
Mange reagerer på at politiet ser på afroamerikanarar som meir kriminelle berre på grunn av hudfarge. Dette er eit brot på menneskerettane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

George Floyd og historia om svarte amerikanarar

Holmlia-drapet 

I 2001 vart 15 år gamle Benjamin Hermansen frå Oslo knivstukken og drepen på grunn av hudfargen sin. Mannen bak angrepet var nynazist. Å vere nynazist betyr at ein har ekstreme nasjonalistiske og rasistiske haldningar. Etter drapet vart det store demonstrasjonar i heile Noreg og ein stor debatt om rasisme. Drapet på Benjamin Hermansen har blitt eit symbol på at kampen mot rasisme ikkje er ferdig.

⬅  Kvart år vert Benjamin-prisen delt  ut til skular som jobbar aktivt mot rasisme.

Foto: Kuben yrkesarena CC-BY-SA

22. juli og rasistiske angrep 

Den 22. juli 2011 drap terroristen Anders Behring Breivik 77 personar. Desse terrorangrepa var nokre av Noregs og Europas mest grufulle hendingar i moderne historie.

Breivik trudde på ideen om at ulike «menneskerasar» har ulik verdi. Han trudde også på ein teori om at fleire statar har hatt eit hemmeleg samarbeid for at muslimar skal kunne overta Noreg og resten av Europa.

Den 22. juli kom Breivik til Utøya kledd i politiuniform. Målet hans var å ta livet av medlemmar av AUF. AUF er ungdomspartiet til Arbeidarpartiet, eit sosialdemokratisk parti. Breivik og andre  høgreekstreme meiner at Noreg har blitt eit fleirkulturelt samfunn på grunn av Arbeidarpartiet. Han meiner også at partiet har ein hemmeleg plan om å øydeleggje «den norske kulturen».
Sjølv om Anders Behring Breivik gjorde alt åleine, er det mange som deler meiningane og tankane hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis kan vi stoppe rasisme?

Det er mange måtar å førebyggje rasisme på.

  1. Politisk kan vi få vedteke lover som fremjar menneskerettar. På denne måten kan vi sikre at alle folk får dei same rettane, og verne dei mot diskriminering på arbeidsplassen og på skulen.
  2. Vaksne kan passe på å vere gode rollemodellar overfor barn. Dei kan vise at alle har like høg verdi, same kva slags kultur, hudfarge og religion dei har.
  3. Det er også ein god idé å bli kjend med ulike kulturar. På denne måten kan ein bli kvitt negative tankar ein kanskje har om andre folkegrupper

Sei frå! 

Samtidig må vi også forstå at det finst rasisme i samfunnet. Dersom vi opplever eller ser diskriminering på grunn av hudfarge, kultur eller religion, bør vi seie tydeleg frå. Vi kan seie frå til den som diskriminerer, eller til andre i nærleiken. Det kan også vere viktig å forklare den som diskriminerer, kvifor det som vert sagt eller gjort vert opplevd som rasistisk. Viss vi ikkje blir høyrde, bør vi seie frå til ein vaksen, til dømes læraren eller rektoren. Hugs på at lovene i Noreg slår hardt ned på diskriminering og rasistiske haldningar.

Kjelder:

  • Skorgen, Torgeir; Ikdahl, Ingunn; Berg-Nordlie, Mikkelrasisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. september 2020 frå https://snl.no/rasisme

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Getty Images
    8. NRK
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images