litteraturhistorie på null komma niks:
Del 6: Realismen
På midten av 1800-talet endra ein syn på kva oppgåve skjønnlitteraturen hadde. Litteraturen skulle vere ei stemme i samfunnsdebatten. Dette galdt store forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Amalie Skram og Camilla Collett.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Georg Brandes
«Det at en Litteratur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat. Saaledes sætter George Sand Ægteskabet under Debat, Voltaire, Byron og Feuerbach Religionen, Proudhon Eiendommen, den yngre Alexander Dumas Forholdet mellom de to Kjøn og Emil Augier Samfundsforholdene. At en Literatur Intet sætter under Debat er det samme som, at den er ifærd med at tabe al Betydning.»
Byrjinga på realismen blir ofte knytt til desse orda frå den danske kritikaren Georg Brandes. Han sa dette i ei rekkje forelesningar om litteratur. Der kritiserte han den danske litteraturen for å liggje langt bak resten av Europa.
📷 Portrett av Georg Brandes
Realismen under utvikling
Men du, ei lita presisering. Realismen har vore i utvikling. Vi deler derfor omgrepet inn i fem. Sjå på det som fem ulike måtar å skrive på i realismen. Denne artikkelen tar for seg tre av dei: poetisk realisme, kritisk realisme og naturalisme.
📷 «Vinternatt i Rondane» av Harald Sohlberg.
Vinternatt i Rondane, maleri av Harald Sohlberg
Frå romantikk til realisme
Realismen som litterær periode varte frå rundt 1830 til 1890. Det moderne gjennombrotet var startskotet på perioden. Forfattarar gjekk bort frå den romantiske skrivemåten. Litteraturen fekk eit tydeleg mål: Han skulle endre samfunnet.
📷 «Labrofossen» av Thomas Fearnley, 1837
Labrofossen, maleri av Thomas Fearnley, 1837
Poetisk realisme
Skiftet frå romantikk til realisme skjedde ikkje over natta. I ein periode blei det skrive litteratur med delar av både realisme og romantikk. Denne blandinga fekk namnet poetisk realisme. Som ide låg romantikken til grunn. Men blandinga peika likevel mot realismen. Forfattarane brukte religiøse og romantiske idear som var godt plasserte i den faktiske kvardagen.
Scenebilde fra filmen Synnøve Solbakken, en mann og en kvinne som står ved en skigard
Kva var kritikkverdig i samfunnet?
I den kritiske realismen skulle litteraturen altså fokusere på det som var urettferdig i samfunnet. Ikkje all litteraturen på denne tida gjorde det. Men det er denne litteraturen som har blitt ståande som symbolet på det moderne gjennombrotet.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Litteraturen – eit talerøyr for politiske meiningar
Begrepet realisme er i Norden knytt til litteraturen som kom i 1870- og 80-åra. Forfattarane ønskte å få fram sanninga om dei dystre sidene i samfunnet. Dei prøvde å skildre ei verkelegheit som var så ekte som mogleg. Dei skreiv om dobbeltmoralen hos borgarskapet. Om leiarar som misbrukte makta si. Om fattigdom og klasseskilje. Og om kvinneundertrykking.
📷 «Kampen for tilværelsen» av Christian Krohg (1888–89)
Samfunnsdebatt
Gjennom litteraturen gav dei ei stemme til folk i samfunnet som elles ikkje blei høyrde. Skjønnlitteraturen hadde ein underhaldningsverdi. Han var òg eit viktig område for samfunnsdebatt.
📷 «Sovende mor med barn» av Christian Krohg (1883)
Albertine i politilegens venteværelse, maleri av Christian Krogh
Determinisme
Determinisme skil naturalisme frå realisme. Det betyr at det ikkje er mogleg å endre skjebnen. Mennesket er resultat av arv og miljø. Er du fødd fattig, døyr du fattig.
Gullalderen i norsk litteraturhistorie
Mange seier at den realistiske perioden var ein gullalder i norsk litteraturhistorie. Store forfattarar som Amalie Skram, Alexander Kielland, Jonas Lie, Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen gav ut litteratur som er elska den dag i dag.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Realistiske forfattarar i dag òg
Romanar som dette blir kanskje ikkje gitt ut i dag. Bøker der lærarar slår elevar, om barn fødde utanfor ekteskap eller om alkoholiserte bønder. Det varierer om norske forfattarar bruker litteraturen for å fremje politiske meiningar. Men det finst absolutt mange realistiske forfattarar i dag òg. Som prøver å skildre verkelegheita vi lever i, på godt og vondt.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Kjelder:
- Undheim, Inga Henriette: bondefortelling i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 14. september 2023 fra https://snl.no/bondefortelling
- Norges historie (14.09.2023): Henrik Ibsen – Et dukkehjem
https://www.norgeshistorie.no/kilder/industrialisering-og-demokrati/K1555-Henrik-Ibsen–Et-dukkehjem.html
- Bokselskap (14.09.2023): Albertine
https://www.bokselskap.no/boker/albertine/kap7
- Hagen, Erik Bjerck: realisme (litteratur) i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 14. september 2023 fra https://snl.no/realisme_-_litteratur
- Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie ( 2012)
Oslo. Universitetsforlaget.
Bilde- og videorettar:
-
-
freepik.com
-
digitaltmuseum.no (CC BY-SA 4.0)
-
Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom
-
Lillehammer kunstmuseum / Offentlig eiendom
-
Foto: Ukjent / Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
KODE / Offentlig eiendom
-
Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom
-