litteraturhistorie på null komma niks:

Del 6: Realismen

Skjønnlitteraturen endra seg på midten av 1800-talet. Forfattarar ville fortelje noko om samfunnet i bøkene sine. Dette var store forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Amalie Skram og Camilla Collett.

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Georg Brandes

«Det at en Litteratur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat. Saaledes sætter George Sand Ægteskabet under Debat, Voltaire, Byron og Feuerbach Religionen, Proudhon Eiendommen, den yngre Alexander Dumas Forholdet mellom de to Kjøn og Emil Augier Samfundsforholdene. At en Literatur Intet sætter under Debat er det samme som, at den er ifærd med at tabe al Betydning.»

Det var den danske kritikaren Georg Brandes som sa dette. Det blir knytt til starten på realismen. Han sa dette fleire gonger i forelesingane sine. Der kritiserte han dei skjønnlitterære forfattarane i Danmark, som han meinte låg langt bak resten av Europa.

📷   Portrett av Georg Brandes
Portrett av Georg Brandes

Realismen under utvikling

Men du, her må vi nemne noko viktig. Realismen har vore i utvikling. Vi deler han inn i fem ulike variantar. Denne artikkelen handlar om tre av dei: poetisk realisme, kritisk realisme og naturalisme.

📷   «Vinternatt i Rondane» av Harald Sohlberg.
Vinternatt i Rondane, maleri av Harald Sohlberg
Vinternatt i Rondane, maleri av Harald Sohlberg

Frå romantikk til realisme

Realismen varte frå rundt 1830 til 1890. Det som gjorde at realismen starta, var at forfattarane ikkje lenger berre ville skrive tekstar som beskreiv alt det fine og vakre. Dei ville at tekstane skulle ha eit mål. Dei skulle forandre samfunnet!

📷   «Labrofossen» av Thomas Fearnley, 1837
Labrofossen, maleri av Thomas Fearnley, 1837
Labrofossen, maleri av Thomas Fearnley, 1837

Poetisk realisme

Skiftet frå romantikk til realisme skjedde gradvis. I ein periode skreiv ein del forfattarar ein kombinasjon av romantisk og realistisk. Det fekk namnet poetisk realisme.

Bjørnsons bondeforteljingar

Bjørnstjerne Bjørnson var ein av Noregs største forfattarar. Han skreiv mange forteljingar om bønder i starten av perioden. Det romantiske og det nasjonale, «ekte norske» blei skildra gjennom bonden.

📷   Fra filmen «Synnøve Solbakken» (1919). Fotograf: Ukjent

Bjørnson fortel også sanninga om bonden. Dei blir skildra som hardtarbeidande og truande. Men òg at dei var i stand til å vere valdelege. Eller at dei drakk for mykje. Hensikta til Bjørnson var blant anna å oppdra bøndene gjennom forteljingane sine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Scenebilde fra filmen Synnøve Solbakken, en mann og en kvinne som står ved en skigard
Scenebilde fra filmen Synnøve Solbakken, en mann og en kvinne som står ved en skigard

Amtmandens døtre

Camilla Collets roman «Amtmandens døtre» er òg ein roman frå realismen. Sofie er hovudpersonen, og temaet er kvinna si stilling i samfunnet. Sofie må velje mellom to ting. Ekte kjærleik eller den mannen familien vil ho skal gifte seg med.

Språket og skrivemåten er romantisk i synet på kjærleiken og ekteskapet. Det realistiske blir vist i temaet og kva Sofie bør velje. Synet på ekteskapet og kjærleiken blir godt skildra då Sofie seier: «Vår bestemmelse er å giftes, ikke å bli lykkelige.»

Tydeleg samfunnskritikk

Romanen til Collett blir kalla den første tendensromanen. Tendensromanar er romanar som tydeleg kritiserer noko ved samfunnet. I «Amtmandens døtre» er det jentene si stilling i samfunnet som blir kritisert. Det at dei har så lite makt til å bestemme over eige liv.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kva var kritikkverdig i samfunnet?

Romanane i den kritiske realismen skulle peike på det som var urettferdig i samfunnet. Dette galdt ikkje alle romanane, likevel er det dei som er symbolet på starten på det moderne.

Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull

Litteraturen – eit talerøyr for politiske meiningar

Realisme blir kopla til Norden og litteraturen frå 1870- og 80-åra. Forfattarane ville få fram dei dystre sidene i samfunnet. Dei prøvde å beskrive eit så ekte og verkeleg samfunn som mogleg. Dei skrev om dobbeltmoralen hos borgarskapet. Korleis leiarar misbrukte makta dei hadde. Dei skreiv om fattigdom, klasseskilje og om undertrykking av kvinner.

📷   «Kampen for tilværelsen» av Christian Krohg (1888–89)
Kampen for tilværelsen. Et maleri fra 1889. Sultne barn og voksne som står i kø og nesten sloss for å få litt brød. I bakgrunnen er det snøkledde gater.

Samfunnsdebatt

Litteraturen gav ei stemme til folk som elles ikkje ville blitt høyrde. Forteljingane skulle ikkje berre underhalde. Dei skulle bidra til diskusjon.

📷   «Sovende mor med barn» av Christian Krohg (1883)
Sovende mor med barn, maleri av Christian Krohg fra 1883

Et dukkehjem – om kvinna si stilling i samfunnet

Henrik Ibsen skreiv teaterstykket «Et dukkehjem» i 1889. Det blei ein stor suksess i mange land. Stykket blir framleis spelt på scener over heile verda. Temaet er kvinna sin plass i ekteskapet. Hovudpersonen Nora er gift med advokaten Helmer. Forventningane til mannen og samfunnet slit på Nora.

Nora vil ha eigne meiningar, og ønskjer ikkje å vere avhengig av Helmer. Den gongen var det vanlig med fornuftsekteskap. Ein gifte seg med den familien ville, og det var skamfullt å skilje seg. Under kan du lese ein diskusjon mellom Nora og Helmer, der Nora fortel Helmer at ho kjenner seg låst i ekteskapet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utrag frå Et dukkehjem

HELMER: Nora, hvor du er urimelig og utakknemlig! Har du ikke vært lykkelig her?

NORA: Nei, det har jeg aldri vært. Jeg trodde det, men jeg har aldri vært det.

HELMER: Ikke – ikke lykkelig!

📷   Foto: Knut Åserud

NORA: Nei, bare lystig. Og du har alltid vært så snill mot meg. Men vårt hjem har ikke vært annet enn en lekestue. Her har jeg vært din dukkehustru, slik som jeg hjemme var pappas dukkebarn. Og barna, de har igjen vært mine dukker. Jeg syntes det var fornøyelig når du tok og lekte med meg, slik som de syntes det var fornøyelig når jeg tok og lekte med dem. Det har vært vårt ekteskap, Torvald.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Naturalismen – brutalt ærleg

Naturalisme er ei form av realisme. Litteraturen i naturalismen kritiserer òg samfunnet. Realismen hadde full tru på at dei kunne endre samfunnet. Naturalismen var ikkje like sikker på at ein faktisk kunne endre samfunnet.

Kjenneteikn ved naturalismen

Tekstar frå realismen beskreiv ofte borgarskapet. Dei som hadde makt til å forandre. Tekstar frå naturalismen fokuserte på ofra for dei dårlege forholda. Ungjenta ingen ville ha etter at ho hadde blitt gravid etter ei valdtekt. Ein fattig far som tar til å drikke etter at sonen døyr. Naturalismen sine forfattarar skreiv ekte. Det kunne vere grotesk og brutalt. Ei ekte og detaljert sanning om livet i underklassen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Albertine

Christian Krohg er en kjent naturalistisk forfattar. Han skreiv romanen «Albertine». Den handlar om den fattige ungjenta Albertine. Ho blir valdtatt av ein frå politiet og endar som prostituert. Under kan du lese eit utdrag.

📷   «Albertine i politilægens venteværelse» av Christian Krohg (1886–1887)

«Ja, men jeg tar ikke af mig Klæerne.»

«Jo!» svarte han uten at se op – «det er det bedste, at Du tar af dig Klæerne. – Ja, det er det bedste.»

Væggene var mørke, og der laa et rødligt Halvlys utover fra en Maaneskinslampe. Værelset var skjævt – Væggen til høire var meget mindre end den til venstre – det syntes hun, var rart. Sengen stod paa den skraa Væggen lige mod Døren. Hun havde godt vidst, at den stod slig og var af Mahogni. Hun hørte, at han reiste sig derinde. Han slap først den ene Portièren ned og saa den andre. Der blev igjen en lang, lysende Stribe i Midten. Der var Gulvtæppe paa Gulvet.

Hun klædte sig af, det var, ligesom det skulde saa være – og hun la Strømperne sine under de andre Klæerne, for hun husked paa, at der var Huller i dem.

Det blei mykje bråk da «Albertine» blei gitt ut i 1886. Boka blei trekt tilbake. Romanen forandra faktisk samfunnet, for han bidrog til at lova om prostitusjon blei endra.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Albertine i politilegens venteværelse, maleri av Christian Krogh
Albertine i politilegens venteværelse, maleri av Christian Krogh

Determinisme

Eit viktig omgrep i naturalistiske tekstar er determinisme. Det betyr at ein ikkje kan endre på skjebnen. Fattige blir verande fattige. Du blir i det miljøet du er fødd inn i. Determinisme skil naturalisme frå realisme.

Gullalderen i norsk litteraturhistorie

Det er mange som hevdar at den realistiske perioden er gullalderen i litteraturhistoria i Noreg. Store forfattarar frå denne perioden er Amalie Skram, Alexander Kielland, Jonas Lie, Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen.

Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull

Realistiske forfattarar i dag òg

I dag er samfunnet annleis, med andre utfordringar. Forfattarane i dag skriv ulikt. Ikkje alle er realistar. Men det finst mange av dei òg. Dei bruker litteraturen for å få fram politiske meiningar og beskriv livet i samfunnet, på godt og vondt.

Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull

Kjelder:

  • Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie ( 2012)
    Oslo. Universitetsforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. freepik.com
    2. digitaltmuseum.no (CC BY-SA 4.0)
    3. Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom
    4. Lillehammer kunstmuseum / Offentlig eiendom
    5. Foto: Ukjent / Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
    6. Getty Images
    7. Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    8. KODE / Offentlig eiendom
    9. Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom