Reint mjøl i posen

Mennesket lærte å dyrke korn for over 10 000 år sidan. Korleis hadde kosthaldet vore utan det? Korn og mjøl blir brukt over heile verda, og er heilt avgjerande for at folk skal overleve. Tenk litt på det neste gong du baker brød eller bollar. Kornet og mjølet du brukar, er noko av det viktigaste naturen har gitt oss.

Accessibility icon Reint mjøl i posen

Reint mjøl i posen

Har du høyrt om å ha reint mjøl i posen? Dette uttrykket handlar ikkje om baking, men om at du er uskuldig. Det betyr at du ikkje har noko å skjule.

I Noreg har vi dyrka korn i 4000–5000 år. Mjøl blir laga ved at korn blir knust i ei mølle. Dei vanlegaste korntypane til mjøl er kveite, rug, havre og bygg.

Kvart år blir det produsert over 1 million tonn korn i Noreg.

Kvar kjem mjølet frå?

Korn og mjøl blir oftast brukt til baking av brød og kaker. Nokre kornsortar blir òg brukte til graut. Havregraut og risengrynsgraut er typiske døme.

Andre stivelseshaldige vekstar som poteter og jams blir òg brukte til å lage mjøl av. Jams ser ut som veldig store poteter. Ein kan òg lage mjøl av ris, mais og fisk.

Ulike typar mjøl

Mjøl blir delt opp i fire kategoriar: sikta mjøl, sammale mjøl, heilkorn og kli.

Kli er det ytste skalet på kornet. Sammale mjøl er mjøl som blir male av heile kornet. Sikta mjøl er reint mjøl, utan andre delar frå kornet. Heilkorn forklarer seg sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mølle
Mølle

Kveite

Kveite er det kornslaget i verda som blir mest brukt, etter mais og ris. Vi brukar òg store mengder kveite i Noreg. Derfor er det viktig at flest mogleg har tilgang på god og rimeleg kveite.

Kveiten har gode eigenskapar når vi bakar brød som blir heva med gjær. Derfor er kveite mest brukt på kjøkkenet.

Kveite blir ikkje berre brukt til brød og kaker, men også til dyrefôr.

Hvete
Hvete

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!