Reint mjøl i posen

Mennesket lærte å dyrke korn for over 10 000 år sidan. Korleis hadde kosthaldet vore utan det? Korn og mjøl blir brukt over heile verda, og er heilt avgjerande for at folk skal overleve. Tenk litt på det neste gong du bakar brød eller bollar. Kornet og mjølet du brukar, er noko av det viktigaste naturen har gitt oss.

Accessibility icon Reint mjøl i posen

Reint mjøl i posen

Du har kanskje høyrt nokon snakke om å ha reint mjøl i posen? Dette uttrykket handlar ikkje om baking, men om at du er uskuldig, eller om at du ikkje har noko å skjule.

Mjøl blir vanlegvis laga av ulike korntypar ved å finknuse desse i ei mølle. Dei vanlegaste korntypane til mjøl er kveite, rug, havre og bygg.

Kvart år blir det produsert over 1 million tonn korn i Noreg. I kornåret 2019/20 vart det brukt 334 000 tonn matkorn, og 45 prosent var produsert i Noreg. I Noreg har vi dyrka korn i 4000–5000 år.

Kvar kjem mjølet frå?

Vanlegvis tenkjer vi nok på korn og mjøl i samband med baking av brød og kaker. Nokre kornsortar blir òg brukte til graut. Havregraut og risengrynsgraut er typiske døme.

Andre stivelseshaldige vekstar som poteter og jams blir òg brukte til å lage mjøl av. Jams ser ut som veldig store poteter. Ein kan òg lage mjøl av ris, mais, nøtter og fisk.

Ulike typar mjøl

Mjøl blir ofte opp delt i fire hovudkategoriar: sikta mjøl, sammale mjøl, heilkorn og kli.

Kli er det ytste skalet på kornet. Sammale mjøl er mjøl som blir male av heile kornet. Sikta mjøl er reint mjøl, utan andre delar frå kornet. Heilkorn forklarer seg sjølv.

Inndelinga fortel oss kva del av kornet ein bruker, og kor fint eller grovt kornet har vorte male.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mølle
Mølle

Kveite

Kveite er det kornslaget som er mest utbreidd på verdsbasis, etter mais og ris. Tilgang og pris på kveite har derfor stor politisk betydning, og kveite er ein av dei viktigaste jordbruksvekstane i Noreg.

Det store fortrinnet til kveiten framfor andre kornartar, er eigenskapane når vi bakar brød som blir heva med gjær.

I dyrefôr er det aller mest kveite som blir brukt.

Hvete
Hvete

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!